Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2010

Vedteke på årsmøtet 10. mars 2010 

1. Bilete av Sjur Hesjevolls kunst. Det vart teke bilete av all kunst på utstillingen i fjor og planen var å lage ei «kunstbok/kunstkalender» i samband med utstillingen. Men dette vart for omfattande til å kunne nås, og derfor tek Laget det opp att i år. Det fyrste arbeid me vil gjere er å samle inn bilda (frå forskjellige fotografar), velje ut, og legge
bileta på nettet.

2. Kverni. Det «grove» arbeid med å reinske opp att vassveiti inntil kverni er gjort, men det manglar nok0 finpussing og tiljamning. Så lyt det lagast ei solid regulerbar luke inntil sjølve elvi og likeeins ei luke for sjølve kvernsloket. Då kverni ligg i naturreservatet har me søkt Landbrukssjefen i Luster om løyve til å gjere dette arbeid og det har me fått.

3. Stadnamnprosjektet. Det vert arbeidt vidare med å legge den siste del av registrerte stadnamn inn på data, og få lage ferdig Jostedalskartet.

4. Arkeologiprosjektet. Universitetet i Bergen manglar å få lage ein del analyser av jordprøver. Data frå desse vil gje eit sikrare daterings grunnlag.

5. Vegsoge om Jostedalen. På stadnamnturen i fjor haust trekte ingeniør Per Birger Lomheim fram mykje spennande om vegbygging i Jostedalen. I samarbeide med Per Birger vil JH starte med å få skrive ei vegsoge.

6. Vedlikehald av bygningar. Utover vanleg vedlikehald må det i år leggast opp ei ny, 11 m lang, takrenne på fjøsen i Berget. Dette for å hindre at det renn vatn inn i den store muren mot syd. Seinhaustes vil det danne seg is i muren og dette kan føre til at murstein sklir ut. Renna vert laga i tre og helst av osp.

7. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid / tilskipingar som Laget må ta del i.

Skriv ein kommentar