Nansen-Amundsen-markering 25. september
Sigrid Henjum er hovudattraksjonen når Nansen-Amundsen-året vert markert i Jostedalen sundag 25. september. Systrondjenta, busett i Jostedalen, har nettopp gått over Grønland, og ho vil fortelje og syne bilete frå turen. Elles vert det rikhaldige utstillingar av utstyr og demonstrasjon av navigasjonsmetodar som dei gamle polarheltane nytta. Biblioteket har funne fram polarbøkene sine til ei utstilling, nye ullklede vert utstilte, og elevane på Jostedal skule syner fram teikningar dei har laga i høve markeringa. Dei som tek turen til Jostedal samfunnshus kl 14 sundag får dessutan oppleve musikkinnslag, ein heimelaga festmiddag, kaffi og kaker.
Inngang: kr 100 for vaksne, gratis for alle under 18 år.
Alle er velkomne!
Arrangørar er Jostedal historielag, Jostedal helselag, Jostedal skule, Luster folkebibliotek og Luster folkeakademi.
Publisert av Oddmund, 19. september 2011 under Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar