Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Endeleg vart det årsmøte!

9. mars var det endeleg klart for årsmøte i Jostedal historielag etter at koronapandemien gjorde at årsmøta både i 2020 og 2021 vart avlyste.

Dei frammøtte fekk sjå Jostedal helselag sin 100-års jubileumsfilm om Breisete og fekk som vanleg god servering av Laila på Jostedal hotell.

Olav Stølen gav seg etter 14 års teneste som leiar i laget og fekk gåvekort, blomar og ein takketale som står nedanfor.

Ny leiar er Kari Grov. Attåt Olav gjekk Einar Blikra ut av styret etter mange år, og Olav Grov og Anita Aasen kom inn som nye styremedlemer.

Meir om årsmøtet:

 

Takk til Olav Stølen 

Det er ingen lettfatteleg grunn til at Olav no skal gje seg som leiar i Jostedal historielag, sprek og ung til sinns som han framleis er. Men me lyt finne oss i det etter at Olav i 14 år har leia historielaget.

Jostedal historielag vart skipa i 1949 etter initiativ frå Lars Stølen, som også vart fyrste formann. Det seier mykje om folket frå Åsastølen at Olav no takkar for seg i leiargjerninga som storebroren byrja for 73 år sidan! Det skal nemnast at det har vore andre leiarar mellom dei to.

Etter at Olav kom til Sogn og Jostedalen som pensjonist, kom han i 2004 inn i lagsstyret. I 2008 tok han så på seg ombodet som leiar for laget, til stor glede for lagsstyret, medlemene og heile bygdi. Me veit ikkje om somme tenkte at ein professor frå København med to doktorgradar skulle ta historielaget i ei akademisk og teoretisk retning – ein slik bakgrunn kan ein med god grunn vere noko skeptisk til. Men det har så visst ikkje Olav gjort.

Han kunne med solid forskingsbasert kunnskap i botn fortelje om poteta under det store potetjubileet for nokre år sidan. Men Olav har også teke med seg dei praktiske dugleikane, røynslene og minna frå oppveksten på Åsastølen som han har halde vedlike opp gjennom tiåra. Under Olav si leiing har historielaget vore minst like prega av det handfaste kulturminnearbeidet som tidlegare. Berget, Kvernhuset og skulehuset er haldne ved like, og ikkje minst: Fossabrui er sett i stand, og Jostedalen har fått ein rydda, merkt og skilta turveg frå Vigdalen til Viva. I dette arbeidet har Olav fått kombinere både dei praktiske, teoretiske og organisatoriske evnene sine.

Me vil takke deg så mykje for den store innsatsen for Jostedal historielag, Olav, og me vonar å sjå deg på tilstellingar og dugnader i laget i mange, mange år framover.

Skriv ein kommentar