Årsmelding 2008 for Jostedal historielag
Godkjend på årsmøtet 12. mars 2009 Les meir »
Publisert av Oddmund, 31. mars 2009 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Godkjend på årsmøtet 12. mars 2009 Les meir »
Publisert av Oddmund, 31. mars 2009 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Det er årsmøte i laget torsdag 12. mars klokka 20.00 på Jostedal hotell. Vanlege årsmøtesaker. Alle er velkomne!
Publisert av Oddmund, 2. mars 2009 i Aktivitetar, Lagsdrift.
Kommentarar: ingen
Hovudoppgåva til André Horgen frå 1999 om ferdselen på Jostedalsbreen kan no lastast ned under «Ferdsel». Dette er det grundigaste forskingsarbeidet om ferdselen på breen og standardverket for alle som vil orientera seg i dette emnet.
Publisert av Oddmund, 28. desember 2008 i Ferdsel.
Kommentarar: ingen
Marit Elvekrok vann NM-kvalifiseringa i potetskrelling med Gunhild Brun på andreplass. Dei skal dermed delta i NM på Hamar 11. oktober. På ein god tredjeplass mellom dei ni deltakarane kom Ellen Fossøy. Dei fekk premie frå banken, som òg er med på å sponse Hamar-turen. Kultursjef Erling Bjørnetun leia det strenge domarpanelet som diskvalifiserte fleire kilo potet som ikkje var godt nok skrelte. Sogn Avis har ein større reportasje frå tevlinga og ein fin biletserie frå potetdagen laurdag 27. september. Gode bilete finn ein òg på Bakkebloggen.
Oppunder 100 folk var innom i Samfunnshuset. Dei fekk seg mykje god mat: potetgraut, potetsuppe, flatbrød og ikkje minst potetkaker. Potetgull og pommes frites med pølse vanka det òg. Mykje av tillaginga føregjekk inne i salen.
Olav Stølen, general for tilstellinga, heldt eit levande føredrag om potetdyrking og poteta si soge frå Peru til Åsastølen. Han hadde òg fått tak i 18 ulike potetsortar som vart utstilte, mellom anna jostedalens spesialitet: «blåepota» som berre finst her.
Bak i salen hadde skulen og barnehagen stilt ut mykje flott dei hadde laga til: potetdokker og troll, potettrykk, teikningar, dikt og songar.
Bak tilstellinga laurdag stod helselaget og historielaget. Fredag var det eit eige opplegg for skulen og barnehagen som Kulturentreprenørane stod bak.
Publisert av Oddmund, 29. september 2008 i Aktivitetar, Media.
Kommentarar: ingen
FN har kåra 2008 til “Det internasjonale potetåret”. Det feirar me med ei tilstelling i samfunnshuset laurdag 27. september klokka 14-17. Dette skjer:
Utstilling: Om potetdyrking og potethistorie frå Peru til Jostedalen. Reiskapar og kring 20 ulike potetsortar. Sjå poteta frå frø til store knollar.
Kafé: Sal av potetkaker, potetgraut og annan god potetmat og det som høyrer til. Det er fritt fram for å prøve seg og lære å bake potetkaker. Vaksne betalar 50 kr og kan smake på kva dei vil. Ungar: 25 kr (gratis for born under skulealder).
Tevling i potetskrelling: Dei beste vert inviterte til NM i potetskrelling på Hamar den 11. oktober. Ta med eigen skrellar/kniv!
Føredrag: Kl 15 fortel Olav Stølen om potethistorie og potetdyrking.
Om kvelden skipar Jostedal spel- og dansarlag til dans i Dølaheimen.
Vel møtt!
Arr.: Jostedal helselag og Jostedal historielag
Gode potetlinkar:
Det internasjonale potetåret 2008
Potethistoriesida til Arkivverket
Om opninga av det norske potetåret (regjeringa.no)
NM i potetskrelling på Hamar (regjeringa.no)
Publisert av Oddmund, 18. september 2008 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Einar Ese har gjort eit stort arbeid med å registrere fangstanlegg for villrein i jostedalsfjella. I vår oppsummerte han det han har funne så langt med vekt på bogastille og dyregraver i ei lokalhistorieoppgåve på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her drøftar Einar både dei tidlegare kartleggingane og litteraturen om fangstanlegg, kor gamle anlegga kan vere og kvar brukarane kom ifrå, og han held funna i Jostedalen opp imot det ein elles veit om fangstanlegg i Sør-Noreg. Les den rikt illustrerte oppgåva på Fangstanlegg-sida.
Publisert av Oddmund, 8. september 2008 i Fangstanlegg.
Kommentarar: ingen
Var Henrik Wergeland fyrstemann på Storen? Det vart hevda i eit avisoppslag i 1881. André Horgen tek i denne artikkelen føre seg rykta om at det skulle ha vore folk på toppen før Slingsby i 1876. Artikkelen er òg eit innlegg i debatten om Amund Lammers kunne ha vore på toppen alt i 1827.
Publisert av Oddmund, 8. september 2008 i Ferdsel.
Kommentarar: ingen
Ein verkeleg godbit denne gongen! Biskop Erik Pontoppidan var på visitas i Sogn sommaren 1749, og i Luster møtte han eit følgje frå Jostedalen med presten Matthias Foss i spissen. Pontoppidans visitasberetning har vore mykje sitert, men berre på grunnlag av eit svært ufullstendig referat frå 1864. Men no kan ein for fyrste gong lesa den fullstendige versjonen av Pontoppidans visitasberetning om Jostedalen. Pontoppidans vurdering av jostedølene er positiv, men den stakkars presten Foss, kona hans og ikkje minst dei materielle vilkåra ved presteembetet kjem ikkje like bra frå det. Pontoppidan nemner òg segna om Jostedalsrypa. Oddvar Johan Jensen, professor i kyrkjehistorie, har vore så venleg å stilla avskrifta si til rådvelde for oss.
Publisert av Oddmund, 7. august 2008 i Jostedalsrypa, Kjelder.
Kommentarar: ingen
Me tek med ein biskop til. I 1806 var Johan Nordahl Brun i Jostedalen, truleg som fyrste biskop. Domen hans etter reisa frå Luster over Vigdalen til Prestegarden er mykje sitert:
«Saa træt havde Ieg aldrig været. Her er jammerlig stygt. Elven selv er leergraa af Vandet fra Bræen.»
Publisert av Oddmund, 5. august 2008 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
I 1625 var biskopen hjå prosten i Sogndal og fekk greie på at jostedølene ikkje stelte godt med presten sin. Bispen skreiv då eit brev der den uskikkelege allmugen vart refsa etter alle kunstens reglar. Les det festelege brevet.
Publisert av Oddmund, 4. august 2008 i Kjelder.
Kommentarar: ingen