Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Ny side: flaumar

Vassføringa ved NVE sin målestasjon i Nigardsbreelvi var onsdag på sitt 3. største sidan målingane byrja i 1961, berre slegen av 1979-flaumen og ein dag i 1997. Vegen var dessutan stengd eit par timar ved Alsmo fordi elvi gjekk litt opp i vegbana. Det merkelegaste av alt er at dette alltid skjer 15. august!

Sidan den varsla flaumen i dag ikkje ser ut til å kome, får me ta til takke med dei gamle. Det er no ei ny side her om Flaumar der ein mellom anna kan lese ei levande skildring av 1898-flaumen.

Bli brukar

Det er fritt fram for alle å skriva kommentarar til meldingane og sidene på denne nettstaden.

Medlemer i historielaget kan òg publisera stoff på nettstaden ved å registrera seg som brukarar. Klikk på «Logg inn» nedst på sida (i botnteksten) og klikk deretter på «Registrer».

Ny nettstad offisielt opna

No er det aller meste av stoffet på den gamle nettstaden overført til den nye, så den gamle blir no teken ned.

Merk at nettstaden har eit tydeleg skilje mellom permanente sider (menyen til venstre) og aktuelt stoff (menyen til høgre). På framsida ligg aktualitetsstoffet kronologisk med dei nyaste meldingane øvst. For å få fullt oversyn over eit nemne (td. stadnamn) vil dette seia at ein må gå inn på «stadnamn» både i den venstre og den høgre menyen. 

Historielaget med ny nettstad

Me er i gang med å flytta innhaldet på den gamle nettstaden over i eit nytt publiseringssystem. Dette arbeidet vil ta noko tid. I mellomtida vil den gamle nettstaden vera tilgjengeleg.

Sjå meir informasjon under «Om nettstaden» i menyen til venstre.

Jostedalsrypa på Nytt på nytt

Sjå programmet på NRK Nett-Tv – spol 17 minutt fram.

Jostedalsrypa var ikkje åleine

Masteroppgåvene frå arkeologiprosjektet

Anne Mette Haugen og Ann Katrine Sivertsen leverte masteroppgåvene sine i arkeologi (Universitetet i Bergen) i 2006. No er avslutningskapitla deira lagde ut på nettet:

Oppgåvene vil bli publiserte i heilskap på nettet våren 2007. 

Årsmelding 2006 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 18.3.2007. Les meir »

Årsmøtet: heile styret attvald

Du finn alle her.

Jostedalsrypa har ikkje levd