Årsmelding 2019-2021 for Jostedal historielag
Årsmøteinnkalling 2022 med årsmelding for 2019 (pdf)
Det vart ikkje halde årsmøte i 2020 og 2021 pga koronaen.
Publisert av Oddmund, 13. mars 2022 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Årsmøteinnkalling 2022 med årsmelding for 2019 (pdf)
Det vart ikkje halde årsmøte i 2020 og 2021 pga koronaen.
Publisert av Oddmund, 13. mars 2022 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
I den nasjonale kartbaserte tenesta Kulturminnesøk finn ein no ei lang rekkje fangstanlegg. Einar Ese har registrert mange anlegg som Sverre Fossen og han sjølv tidlegare har dokumentert i skriftene sine.
Kulturminnesøk – zoom inn på Jostedalen
Fangstanlegg i fjellet – sida med tidlegare publikasjonar om fangstanlegg
Publisert av Oddmund, 3. august 2021 i Fangstanlegg.
Kommentarar: ingen
Me kjem tilbake til ny dato når det blir letta på koronarestriksjonane!
****
Etter årsmøtesakene vil Mary Aasen vise filmen om storflaumen i 1979. Det vert servert kaffi og kveldsmat på høveleg tidpunkt under møtet.
Saker før filmen:
Vel møtt til alle!
Styret
Publisert av Oddmund, 26. februar 2020 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Offisiell reopning av stien Døsen-Viva med tur over Gardsåsen.
Sundag 30. juni kl 11, frå Sperlåkerbakken/Sperla.
Jostedal Historielag, Luster Turlag og Jostedal Helselag vil markere restaureringa av stien Døsen–Viva med denne turen frå Sperla over Gardsåsen til skulehuset i Prestegarden. Her får alle kaffi og noko til!
Turen, på 3-4 km, følgjer den gamle stien/køyrevegen i fint landskap. Frammøte ved skulehuset på Sperla. Her er det bra moglegheit for parkering, men fyll likevel bilane godt.
Publisert av Oddmund, 26. juni 2019 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Vedteken på årsmøtet 15.3.2018. Les meir »
Publisert av Oddmund, 30. mars 2018 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen
Godkjend på årsmøtet 15.3.2018. Les meir »
Publisert av Oddmund, 30. mars 2018 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Det blir årsmøte i Jostedal historielag torsdag 15. mars kl 19.30 på Jostedal hotell.
Tema: Turstiar i Jostedalen
Olav Stølen frå Jostedal historielag og Aud Fossøy og Arne Tuften frå Jostedal bygdelag orienterer om arbeidet som er gjort dei siste åra med å leggje til rette turstiar og planane laga har.
Vanlege årsmøtesaker.
Enkel servering. Gratis. Både medlemer og andre interesserte er velkomne.
Vel møtt!
Publisert av Oddmund, 19. februar 2018 i Aktivitetar, Lagsdrift.
Kommentarar: ingen
Bli med på kulturhistorisk tur i Mjølvergrendi med Jostedal Historielag.
Tid: Tysdag 5. september kl.17.
Turen startar ved Kverni på Nigardsgrandane og går opp Mjølvergrendi til Li og vidare fram til Leteigen.
Kjentfolk er Solveig og Sverre Tvedt, og dei vil fortelje mykje historie, mellom anna om jordbruket i gamle dagar.
Ver kledd for ver og vind og ta gjerne med lite niste og kaffi.
Med helsing
Styret i Jostedal Historielag
Publisert av Oddmund, 29. august 2017 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Det er no komen ei ny side på nettstaden om den store utvandringa frå Jostedalen.
Publisert av Oddmund, 18. mai 2017 i Generell.
Kommentarar: ingen
Vedteken på årsmøtet 5. mars 2017. Les meir »
Publisert av Oddmund, 6. mars 2017 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen