Arbeidsplan for 2014
Vedteken på årsmøtet 6. mars 2014. Les meir »
Publisert av Oddmund, 7. mars 2014 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen
Vedteken på årsmøtet 6. mars 2014. Les meir »
Publisert av Oddmund, 7. mars 2014 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen
Godkjend på årsmøtet 6.3.2014.
Publisert av Oddmund, 6. mars 2014 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Det vert årsmøte i Jostedal historielag torsdag 6. mars 2014 kl 19.30 på Jostedal hotell.
Saker
1. Vanlege årsmøtesaker
2. Orientering om nye gateadresser i Jostedalen
3. Servering
Vel møtt!
Styret
Publisert av Oddmund, 26. februar 2014 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Under Topografiske skildringar ligg det no eit stykke frå 1942, «Jostedalen – fjellbygdi ved den store glitrande isbreden». Det stod i Nynorsk vekeblad og er skrive av læraren Hallvard Hesjevoll. Her heiter det mellom anna:
«Jostedølene er heimkjære og hjelpsame, og strevar trutt for tilværet. Dei dyrkar jordi, og «piner korn» or ei mager mold. Men bygdi hev lege avstengd, og gjer det i nokon mun endå. og det hev ikkje alltid vore greidt å få det til å gå framyver.»
Les heile stykket, som me har fått tilsendt frå Knut Åge Teigen i Gaupne.
Publisert av Oddmund, 14. oktober 2013 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Torsdag 19. september er det Ivar Aasen-kveld i skulehuset i Prestegarden.
Kl 17.00 Frammøte og lite dugnadsarbeid
Kl 19.00 Program, allsong og kaffi
I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 2013 er det nasjonale Språkåret. Det markerer me med ein kveld der Oddmund Hoel vil fortelje kort om Ivar Aasen før Olav Grov leiar allsong med eit utval av dei gamle kjende songane av Aasen og andre store nynorsk-diktarar.
For dei som har høve, er det ein liten dugnad før programmet der det skal lagast nokre sitjeplassar rundt skulehuset, ryddast på tomten og gjerast anna småarbeid.
Vel møtt!
Publisert av Oddmund, 18. september 2013 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
I dag er den store flaumdagen (15. august 1898 og 1979), og i sommar har det kome vatn i fontena på flaumminnesmerket i Fossøyane. Meir stoff om flaumane i Jostedalen ligg no ute på nettsida. Ein kan lese om ein lite kjend storflaum i 1741 (som ikkje kan ha vore lenge før 15. august!), og det er lagt ut nye omtaler av flaumane i 1898 og 1979.
Ein kan òg lese fleire kjelder om 1898-flaumen. Ei av dei er skildringa til sokneprest Børresen som var skriven berre to dagar etter flaumen (lagt ut før). Ei ny side fortel om bygging av flaumverk etter 1899, og her finn ein både ein søknad frå oppsitjarane og vedtaket 16. mars 1899 der kommunestyret for fyrste gong støtta bygging av flaumverk.
Publisert av Oddmund, 15. august 2013 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Sundag 9. juni skipar Jostedal historielag til tur frå Ormbergstølen opp den gamle ferdslevegen til Vigdalen. Her måtte også finare folk reise i eldre tid for å kome seg til Jostedalen, mellom anna Johan Nordahl Brun, den fyrste biskopen som visiterte i Jostedalen. «Her er jammerlig stygt», slo han fast i 1806. Med Kristen Ormberg som turleiar er det von om ei noko lystigare stemning. Møt opp på Ormbergstølen kl 11.00.
Frå Dalsdalen til Vigdalen går Luster sogelag med Ola Kilen som turleiar, og frå Gaupne går ein veteranbilkortesje opp i Vigdalen. Alle møtest i det gamle skulehuset (grendahuset) der Vigdalen grendalag sel lapshaus med heimebaka flatbrød og kaker og kaffi. Indre Hafslo spelemannslag spelar fleire småkonsertar innandørs i grendahuset med dei gamle skulesongane.
Publisert av Oddmund, 8. juni 2013 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Stadnamnprosjektet i Jostedalen nærmar seg no slutten etter ti års arbeid. Namna i gardsområdet er leverte til Fylkesarkivet, som no er i gang med å gjere dei tilgjengelge på Internett i lag med namn frå resten av Luster kommune. I Jostedalen arbeider Olav Stølen og Kristen Ormberg med å gjere ferdig namna på fjellkarta.
Til no er berre namna i Fåberg og eit område framme i Stordalen på nettet, men dei får fint fram korleis løysinga vil bli. Gå til fylkesatlas.no => «Kultur og historie» => «Stadnamn». Før eller etter ein gjer dette, må ein zoome inn på Luster/Jostedalen.
Stadnamn for Luster på Internett (fylkesarkiv.no) (2.5.2013)
Publisert av Oddmund, 14. mai 2013 i Stadnamn.
Kommentarar: ingen
Fyrste nummeret i år av tidsskriftet Heimen kom nyleg ut, og der står artikkelen «Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43». Han byggjer på føredraget på årsmøtet i Jostedal historielag i fjor.
Artikkelen ligg ikkje på nettet, men nærare omtale og peikar til kjeldene ligg her.
Publisert av Oddmund, 18. april 2013 i Generell.
Kommentarar: ingen
Vedteken på årsmøtet 7. mars 2013. Les meir »
Publisert av Oddmund, 10. mars 2013 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen