Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2013 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 6.3.2014.

[Årsmeldinga i pdf]

Årsmøtet vart halde den 7. mars 2013, på Jostedal Hotell.

Val. Aud Fossøy og Oddmund L. Hoel var på val og tok attval for 2 nye år i styret, og Olav Stølen i eitt som leiar. Revisor og medlemmer i Valnemnda tok attval for tvo nye år. Liv Espe ynskte å tre ut av tilsynet med Berget, og i staden gikk Einar Blikra inn.

Styret og nemnder etter val:
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Lars Neset
Styremedlem: Einar Blikra
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Tilsyn med Berget: Einar Blikra, Lars Neset og Harald Haugen
Tilsyn med Kverni: Alfred Tuften
Tilsyn med Skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Olav Stølen og Kristen Ormberg

Berget.
Om kvelden den 18. juni var det dugnad i Berget. Det vart rydda og slege  rundt husi, sopt og vaska i stova. Så fint det vart og så godt som kaffien smakte etter alt strev!

Skulehuset.
Fekk seg ei skikkeleg oppussing i fjor sommar. Heile huset vart vaska, skrapa og målt oppatt med kvit god måling. Det var Lise Aasen som gjorde det meste av arbeidet.

Kverni.
Kåre Reidar Aasen stod for arbeidet med å lage ei solid luke for enden av vassveiti, slik at det ikkje vert for stor vassføring når elvi er stor. På sjølve kverni vart løftestokken for øvste kvernsteinen mura skikkeleg fast og steinane kan stillast i høve til kvarandre. Med dette arbeidet er kverni i god stand og kan vere i drift på kort varsel.

Stadnamnprosjektet.
Stadnamninnsamlingi for Jostedalen er, hovudsakleg, gjort ferdig og levert til Fylkesarkivet. Det kan då komme på tale med litt «finpussing» om uttale av namn m.m. Fylkesarkivet har allereie digitalisert  mange namn og lagt dei inn på kart. Her kan ein gå inn på: http://www.fylkesatlas.no eller på http://www.fylkesarkiv.no. Kniper det med å finne fram på nettet, kan ein ringe til Randi Melvær /Fylkesarkivet for hjelp på telefon: 57 65 64 00.

I slutten av året  er det planen å halde ei fellesmøte om stadnamnprosjektet for heile kommunen. Her vil Fylkesarkivet også delta.

Nye adresser i Kommunen.
Kommunen er, etter pålegg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i gang med å innføre nye digitale adresser, og då må vegane namnsetjast. Kristen Ormberg og Olav Stølen deltek i dette arbeid.

Rydding av Gamlevegen, strekninga  Ormbergstøl til Høgebrui.
Laget fekk i 2013 stønad frå SMIL-midlane (Luster Kommune) på 17.000, – kr. til dette prosjekt. Kåre Reidar Aasen har teke på seg det grove arbeidet, og ein del rydding er allereie gjort.

Tur til Vigdalen.
Jostedal historielag skipa til fottur 9. juni opp den gamle ferdslevegen frå Ormbergstølen til Vigdalen. Turleiar var Kristen Ormberg. I det gamle skulehuset i Vigdalen møtte jostedølene eit turfylgje frå Luster sogelag som hadde gått opp frå Kilen. I skulehuset var det servering og program med dei gamle skulesongane ved Indre Hafslo Spelemannslag.

Ivar Aasen – 200 årsjubileum.
Ivar Aasen vart fødd 5. august 1813. Jostedal Historielag markerte jubileet med ei tilstelling i Skulehuset den 19. september. Tilstellingi starta med å rydde opp rundt eit nåmålt hus og med å lage til tvo nye og stødige sitjeplassar.

Inne i skulestova og i skulehuskammerset dufta det det av kaffi og gode saker. Den gamle oljelampen var pussa og tent og fekk hjelp av mange lys. Heitt og godt var det også takka vere ein ny oljeomn. Det var høgtid i stova då me starta. Olav Grov leia songen og fekk god støtte av Else Marie Haugen og Arvid Elvekrok. Ja, knapt har vel «Mellom Bakker og Berg…» ljoma betre i denne skulestova! Og fleire songar av Ivar vart det før Oddmund Hoel gav oss eit svært interessant foredrag om språkforskaren, diktaren, botanikaren og nasjonbyggjaren Ivar Aasen. Me fekk også høyre at i 1855 var Ivar  i Jostedalen på ei kort vitjing. Det vart berre med denne eine, for noko stort inntrykk fekk han vist ikkje av dalen og målet vårt. Oddmund retta litt opp på det negative med å slå fast at Ivar Aasen godt  kunne vori fødd i Jostedalen i staden for i Ørsta! So god var stemningi i skulestova at det vart seine kvelden før me drakk den siste kaffikoppen og tok på heimvegen.

Stønad i 2013.
Laget har fått stønad frå Luster Sparebank (15.000,- Kr.), frå Luster Kommune (12.500,- Kr.) og frå SMIL-midlar (17.000,- kr.).

Skriv ein kommentar