Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmøte 20. mars

Jostedal historielag held årsmøte på Jostedal hotell onsdag 20.3.2024 kl 19. Vanlege årsmøtesaker.
Det vert servering av pizza.
På årsmøtet vil Per Birger Lomheim fortelje om «vegbygging og brubygging i Jostedalen».
Vel møtt!

Markering av Sjur Hesjevoll

— Eit samarbeid mellom Jostedal historielag og Jostedal spel- og dansarlag.

I samband med marknaden til Jostedal Ungdomslag no den 29.7.23, vart minneutstillinga etter Sjur Hesjevoll avduka for publikum i Jostedal samfunnshus. Det er Einar Blikra som har bygt sjølve skåpet etter ide frå Håkon Hesjevoll. Håkon Hesjevoll har laga utstillinga i skåpet med premiar Sjur vann og litt anna minnestoff.

Det var og føredrag og konsert av Håkon Høgemo. Sjur Hesjevoll var sjølvsagt den sentrale både i ord og spel, men Håkon Høgemo fortalde og godt om tidlegare spelemenn i Jostedalen. Han snakka om «dialekten» til felespelet i Jostedalen og korleis spelet har utvikla seg. Det var ei interessant «historiestund» med høg kunstnarleg kvalitet. Det var svært godt frammøte, nær 150 personar på konserten.

Det vart gjort opptak av konserten, me vonar at han snart vil bli tilgjengeleg på nettet.

Olav Grov

Endeleg vart det årsmøte!

9. mars var det endeleg klart for årsmøte i Jostedal historielag etter at koronapandemien gjorde at årsmøta både i 2020 og 2021 vart avlyste.

Dei frammøtte fekk sjå Jostedal helselag sin 100-års jubileumsfilm om Breisete og fekk som vanleg god servering av Laila på Jostedal hotell.

Olav Stølen gav seg etter 14 års teneste som leiar i laget og fekk gåvekort, blomar og ein takketale som står nedanfor. Les meir »

Arbeidsplan for 2022

Vedteken på årsmøtet 9.3.2022. Les meir »

Årsmelding 2019-2021 for Jostedal historielag

Årsmøteinnkalling 2022 med årsmelding for 2019 (pdf)

Det vart ikkje halde årsmøte i 2020 og 2021 pga koronaen.

Fangstanlegg i Kulturminnesøk

I den nasjonale kartbaserte tenesta Kulturminnesøk finn ein no ei lang rekkje fangstanlegg. Einar Ese har registrert mange anlegg som Sverre Fossen og han sjølv tidlegare har dokumentert i skriftene sine.

Kulturminnesøk – zoom inn på Jostedalen

Fangstanlegg i fjellet – sida med tidlegare publikasjonar om fangstanlegg

AVLYST! — Årsmøte onsdag 25. mars

Me kjem tilbake til ny dato når det blir letta på koronarestriksjonane!

****

Etter årsmøtesakene vil Mary Aasen vise filmen om storflaumen i 1979. Det vert servert kaffi og kveldsmat på høveleg tidpunkt under møtet.

Saker før filmen:

  1. Velkomst / møteinnkalling
  2. Val av møteleiar
  3. Val av skrivar
  4. Årsmelding for 2019 v/ leiar
  5. Årsrekneskap for 2019 v/ kasserar
  6. Val til styre, til tilsyn med husi og til ymse andre nemnd
  7. Val av valnemnd og revisor
  8. Medlemskontingent – medlemmer
  9. Arbeidsplan for 2020
  10. Andre saker

Vel møtt til alle!

Styret

Tur 30/6: reopning av stien Døsen-Viva

Offisiell reopning av stien Døsen-Viva med tur over Gardsåsen.

Sundag 30. juni kl 11, frå Sperlåkerbakken/Sperla.

Jostedal Historielag, Luster Turlag og Jostedal Helselag vil markere restaureringa av stien Døsen–Viva med denne turen frå Sperla over Gardsåsen til skulehuset i Prestegarden. Her får alle kaffi og noko til!

Turen, på 3-4 km, følgjer den gamle stien/køyrevegen i fint landskap. Frammøte ved skulehuset på Sperla. Her er det bra moglegheit for parkering, men fyll likevel  bilane godt.

Arbeidsplan for 2018

Vedteken på årsmøtet 15.3.2018. Les meir »

Årsmelding 2017 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 15.3.2018. Les meir »