Main menu:

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Nytt nummer av Lokalhistorisk årbok er kome

Lokalhistorisk årbok for Luster kom i oktober med eit nytt fyldig nummer. Det er eit samarbeidstiltak mellom dei tre sogelaga i kommunen og Luster kommune. Dette er den sjette årboka i rekkja. Dei fem fyrste kom i åra 1994-2002.

Les meir på sidene til Luster kommune:

Nettutstilling – kunst av Sjur Hesjevoll

nr78Under marknadshelga i juli 2009 laga Jostedal historielag til ei nettutstilling med måleri og deokrert trearbeid av Sjur Hesjevoll. Me har no laga til ei nettutstilling med foto av alle dei utstilte kunstverka.

Sjå Sjur Hesjevoll-utstillinga

Jostedølene feira Nansen og Amundsen

Sigrid Henjum har kryssa Grønlandsisen på ski akkurat som Fridtjof Nansen. Og fortalde kor strabasiøst det er.

Fridtjof Nansen vart fødd for 150 år sidan og for snart 100 år sidan planta Roald Amundsen det norske flagget på Sørpolen. Store hendingar som jostedølene var samstemde i at det måtte markerast.

Dugnadsånd
Men det er ikkje så liketil å laga til ei slik stor tilskiping? Samarbeid er nøkkelen. Når fleire lag går saman, dugnadsånd og samarbeid, er arbeidet overkommeleg. Søndag 25. september var 130 samla, i eit pynta og stemningsfull Jostedal Samfunnshus.

Olav Krokgilja Stølen frå Jostedal Historielag, helsa velkomen, fortalde om livet og virket til dei to polarheltane, og kva dei har betydd for landet vårt.

Utan GPS
Korleis fann dei fram i isørken, snøstorm og skodde for 100 år sidan utan GPS? Skipskaptein, Ditlef Fossberg fortalde og demonstrerte m.a. navigering med instrumentet som er heilt naudsynt; sekstanten.

Mange hadde ikkje høyrt om det. Fossberg navigerte oss til polen og me kom vel heim att. Til vakker musisk av organisten Sergei Shein, som spelte på Viola da Gamba.

Streva i isaudet
Sigrid Henjum kom nesten rett frå Grønlandsisen, Jenter på tvers, fortalde og viste oss kor strabasiøst det er å ta seg fram i isaudet. Ei stund var dei både raude og grøne i ansiktet, dei spreke jentene.

Festmiddagen vart laga av Jostedal Helselag. Det var ikkje akkurat turproviant, men oppfeitingskost før me drog i veg. Sosekjøt og karbonade med ertestuing og lekre grønsaker. Dessert var plommegraut med fløyte-mjølk, kaffi og krumkaker. Nam, nam og me skulle ynskt at både Nansen og Amundsen kunne fått smakt på dette.

Berre ull
Ikkje berre mat og navigasjon var viktig for polarheltane. Etter matøkta kunne ein sjå utstilling og innslag om klede og anna utstyr. Elen Øygarden hadde ull og rokk med, og ho kara og spann det finaste ullgarn. I ekstrem kulde er det berre ull som er å lita på. Ein kunne òg sjå ullprodukt frå gamal tid, mellom anna ullgenser av hundehår til samanlikning med nymotens ullplagg frå Ullkista i Sogndal og frå Devold.

Elevar teikna
Gode drageband måtte til for å spenna for hundane, og tau for å gjera fast utstyret på skikjelkar, eller til å festa gode trugar av det gamle slaget. Marit Elvekrok synte korleis ein laga tauverk på reiparbane av ekte sisalgarn.

Elevane ved Jostedal skule hadde laga illustrative teikningar om dei to store heltane. Det gav bakgrunn for ein fin utstilling.

Luster Folkebibliotek hadde plukka fram mykje bøker, plakatar og anna stoff om Nansen og Amundsen. Det var ein flott utstilling og mange gjekk og bladde i bøkene og noterte seg tittel for godt lesestoff i mørke haust- og vinterkveldar!

Eit slikt arrangement lagar seg ikkje sjølv. Med godt samarbeid mellom Jostedal Historielag, Jostedal Helselag, Jostedal skule, Luster Folkebibliotek og Luster Folkeakademi kom ei flott og vellukka markering vel i hamn.

Luster Folkeakademi
Mary Aasen

Berget – kulturhistorisk registrering

I silande regn den 9. juni i år køyrer Harald Haugen og eg til Berget. Me er tidleg ute og vil sjå over husi og tunet, slik at alt er i orden, før gjestene kjem. Så lettar veret, me kastar regnkledi og står på dørhella, på 500 moh., og tek i mot.

Bakgrunnen for vitjinga er at Luster Kommune er ein av fire kommunar som er med i eit pilotprosjekt: «Registrering av kulturhistorisk verdifulle landbruksbygningar». Det er Landbruks- og matdepartementet som har starta dette registreringarbeidet. Det er utpekt ei arbeidsgruppe på fem medlemmer frå forskjellige institusjonar i landet

I Luster er det valt ut 22 gardar, der alle bygningar og spor etter bygningar skal registrerast. For Jostedalen er det, utover Berget, Nedrelid, Halveg, Espe sør, Lundahaugen, Kruna og Li.

Landbrukssjef Steinulf Skjerdal og kultursjef Erling Bjørnetun er ansvarlige for prosjektet i Luster. Hans Moseng og Valborg Heløy er leigde inn for og gjere sjølve registreringsarbeidet.

Fire frå Arbeidsgruppa besøker oss i Berget: Sverre Steinnes, Riksantikvaren, Tore Bjørkli, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Sebastian Eiter, Norsk institutt for skog og landskap og Jon Gunnar Weng, Landbrukskontoret for Askim, Hobøl og Spydeberg. I tillegg møter Steinulf Skjerdal og Valborg Heløy frå Luster kommune.

Harald og eg visar rundt og fortel om Berget og om kva Jostedal Historielag gjer her. Det er tydeleg at gjestene er imponerte over Berget, ikkje minst over den storslegne naturen og utsikta, men også dei vakre og stemningsfulle bygningane. Dei slår raskt fast at det ein plass som er sers viktig å ta vare på.

Etter besøket vart vi inviterte til mat i “Gamlestova” på Gjerde. Her får Harald og eg høve til og fortelje meir om Berget og om folki som levde der. Serleg tok vi fram minne om den siste bonden, Jon O. Berget. Ein spennande og mangslungen kar tykte tilhøyrarane. Gjestene var også interesserte i å høyre noko om jordbruket i dalen i gamle dagar, om gamle ferdavegar over Breen, fedrifter og handverk. Vi fortalte alt vi kunne og meir til!

Olav Stølen

Les også: Garden Berget

Nansen-Amundsen-markering 25. september

Sigrid Henjum (foto: Hvitserk)Sigrid Henjum er hovudattraksjonen når Nansen-Amundsen-året vert markert i Jostedalen sundag 25. september. Systrondjenta, busett i Jostedalen, har nettopp gått over Grønland, og ho vil fortelje og syne bilete frå turen. Elles vert det rikhaldige utstillingar av utstyr og demonstrasjon av navigasjonsmetodar som dei gamle polarheltane nytta. Biblioteket har funne fram polarbøkene sine til ei utstilling, nye ullklede vert utstilte, og elevane på Jostedal skule syner fram teikningar dei har laga i høve markeringa. Dei som tek turen til Jostedal samfunnshus kl 14 sundag får dessutan oppleve musikkinnslag, ein heimelaga festmiddag, kaffi og kaker. 

Fridtjof Nansen (foto: Wikimedia Commons)Inngang: kr 100 for vaksne, gratis for alle under 18 år.

Alle er velkomne!

Arrangørar er Jostedal historielag, Jostedal helselag, Jostedal skule, Luster folkebibliotek og Luster folkeakademi.

Bunadsskatt gjekk med i brannen

Eitt av bunadsliva som gjekk med i brannen

Då Breheimsenteret brann om kvelden 28. juli, gjekk ein del gamle gjenstandar i dei kulturhistoriske utstillingane tapt. Størst historisk verdi hadde nok samlinga med gamle bunadsdelar som var utstilte i kjellaren. I samlinga var det sju bunadsliv, to bringedukar med perlebroderi på silke, ei trøye, eit forkle, eit stølebelte og fire konehuver og barnehuver. Dette var klede etter ekteparet Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter Kruna som flytte frå Jostedalen til Romsdalen i 1853. Oldebarnet Margot Berge gav i 1995 kleda i gåve til Jostedal historielag, og dei har sidan same hausten vore utstilte på Breheimsenteret. Kleda er heldigvis fotograferte og registrerte av Norsk institutt for bunad og folkedrakt ved Valdresmusea. (Les meir: Sogn Avis 16.8.1995 om bunadsskatten og døme på katalogkort for to bunadsliv)

Jostedal historielag hjelpte i 1992-93 òg til med å samle inn ein del gjenstandar og andre klede til utstilingane. Alt dette gjekk tapt i brannen, men me har framleis ikkje detaljert oversyn over kva gjenstandar det var snakk om.

Nytt 1600-talsdokument om presteløna har dukka opp

Tøger Jenssons brev 16.3.1664I samband med jubileumsboka om kyrkja (2010) fann me fram til ei rekkje 1600-talsdokument om dei dårlege vilkåra for presten i Jostedalen. No har me vorte kjende med endå eit dokument. I 1660-åra var prestane og futane pålagde å setje opp manntal over alle menn i embetsdistrikta sine. Dette er velkjende og mykje brukte kjelder i slektsforskinga, og nyleg har Arkivverket skanna alle originaldokumenta og publisert dei på nettet. Då viser det seg at jostedalspresten Tøger Jensson ikkje berre sende inn manntalet over jostedølene, men òg hengde på eit brev der han klaga si naud over den låge presteløna i Jostedalen. Brevet og jostedalsmanntalet er datert 16. mars 1664. Brevet er hovudsakleg ein kortversjon av dei lengre klagebreva Tøger sende til øvrigheita i august 1664 og i 1667. Men éi ny opplysning er det her: Tøger nemner «Øffregaarden» som ein øydegard under prestegarden. Dette er kanskje den fyrste gongen Øvregarden er nemnd. Ein har før rekne med at soga til Øvregarden tok til som husmannsplass tidleg på 1700-talet.

Les meir: Avskrift og omtale av brevet 16.3.1664

Arbeidsplan for 2011

Vedteke på årsmøtet 3. mars 2011 Les meir »

Årsmelding 2010 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 3. mars 2011 Les meir »

Bokpris til kyrkjeboka

Jostedal kyrkje 350 år - omslagGrafill hadde torsdag kåringa av ‘Årets vakreste bøker’, og 350-årssoga om Jostedal kyrkje vart vurdert i klassen ‘Fakta og oppslag/Voksenlitteratur’. Formgjevar Torill Henningsen i Blæst design fekk diplom (=delt tredjeplass) for boka, og juryen skriv: «Delikat, gjennomført, påkostet og lekker. Fin avstemming av detaljer, tekst og bilder.»

Me gratulerer!