Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Ferdsel'

Fossabrui opna

Laurdag 17. september vart Fossabrui opna etter vølinga. Jostedal historielag har  arbeidd med prosjektet i fleire år, og Kåre Reidar Aasen har gjort arbeidet. Det går inn i eit større arbeid med å setje i stand dei gamle ferdslevegane frå Døsen i Luster over Vigdalen og framover dalen heilt til Viva. Sjå fleire gode bilete […]

Brevegen AS

Brevegen AS opna vegen inn til Nigardsbrevatnet i 1958. No har selskapet og vegen fått ein eigen artikkel i Fylkesarkivet sitt Kulturhistorisk leksikon, skriven av Hermund Kleppa. Flott! Les artikkelen

Ferdselen på Jostedalsbreen 1740-1940 – hovudoppgåve av André Horgen

Hovudoppgåva til André Horgen frå 1999 om ferdselen på Jostedalsbreen kan no lastast ned under «Ferdsel». Dette er det grundigaste forskingsarbeidet om ferdselen på breen og standardverket for alle som vil orientera seg i dette emnet. Gå til nedlastingssida

Artikkel: Wergeland på Store Skagastølstind i 1832?

Var Henrik Wergeland fyrstemann på Storen? Det vart hevda i eit avisoppslag i 1881. André Horgen tek i denne artikkelen føre seg rykta om at det skulle ha vore folk på toppen før Slingsby i 1876. Artikkelen er òg eit innlegg i debatten om Amund Lammers kunne ha vore på toppen alt i 1827. Til […]

Artikkel: Vegvisarvesenet for Jostedalsbreen

André Horgen har sendt oss ein ny artikkel, denne gongen om oppbygginga av eit offentleg førarvesen for Jostedalsbreen på 1800-talet. Her er mykje interessant både om organiseringa og jostedølene som var førarar. Les artikkelen (pdf)

Ny artikkel: André Horgen om førstebestigninga av Lodalskåpa

Kan lesast (pdf) under den nye kategorien Ferdsel.

Ny kategori: Ferdsel

Det er no laga ein ny kategori, «Ferdsel», i menyane både for statiske sider (til venstre) og for korte meldingar (til høgre). Her finn ein stoff om historia til ferdsel, reiseliv og fjellsport i Jostedalen. Nokre gamle sider og meldingar er flytte til den nye kategorien.

På Store Skagastølstind i 1827?

Historielaget er kontakta av Arne Larsen i Oslo som arbeider med ei bok om dei tre fyrste bestigningane av Storen. William Cecil Slingsby var etter vanleg kunnskap den fyrste på toppen i 1876. Men det har òg gått rykte om at nokon var på toppen alt i 1820-åra. I boka Emanuel Mohn og Jo Gjendes fotspor (av Trygve […]

Jostedalsbredens Turisthotel

Fylkesarkivet har no lagt ut ein artikkel i Kulturhistorisk leksikon på Internett om gamlehotellet i Kroken, skriven av Hermund Kleppa. Det er sikkert mange som har utfyllande opplysningar, og dei er både Kleppa og me interesserte i.  Artikkel under «Kulturminne» Les artikkelen i Kulturhistorisk leksikon Sjå òg artikkelen i NRK sitt fylkesleksikon