Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Kjelder'

Gards- og ættesoga på Internett

Gards- og ættesoga for Jostedalen av Lars Øyane (1994) er no tilgjengeleg i fulltekst hjå Nasjonalbiblioteket. Les meir

Originalen av skattelista frå 1596

Eit dokument om skatteinntektene til presten frå 1596 er det eldste bevarte dokumentet som nemner Jostedalen etter svartedauden og øydetida. Ei avskrift har lenge lege ute på nettstaden vår. I dag har me fått kopi av originalen frå Statsarkivet i Bergen, og den er no lagt ut. Samstundes er sida om skattelista flytt frå kategorien […]

Kjensleutbrot frå jostedalspresten i 1814

Kyrkjebøkene er til vanleg fattige på stekre meiningsytringar. Men hausten 1814 løynde ikkje jostedalspresten Holger Halling Schjødt kva han meinte om unionen med Sverige då han førte dagsregisteret i kyrkjeboka: «Oplæst Statsraadets Kundgiørelse om at have valgt den svenske Konge Carl d. 13de til Norges constitutionelle Konge!!!» Dei vantru ropeteikna finn me òg att i […]

Naudhjelp til Jostedalen 1743

I åra 1729-42 førte uår og avlingssvikt over heile landet til ei av siste store svoltkatastrofane Noreg har hatt. Verst var stoda på Austlandet og nordafjells, men i Jostedalen kom uåra på toppen av framrykkinga til breane som øydela fleire gardar. Våren 1743 kom det 3000 riksdalar frå København til naudlidande i Bergens stift, og […]

Originalbrevet frå 1625 der biskopen trugar jostedølene til lydnad

Me har tidlegare lagt ut det festlege brevet frå 1625 der biskopen i Bergen hudflettar jostedølene for å stelle dårleg med presten. No har Statsarkivet i Bergen ordna med digital kopi av originalen. Brevet er skrive med latinsk og ikkje gotisk handskrift, så det er ikkje altfor vaneskeleg å lesa. Ta ein kikk på originaldokumentet.

Kyrkjerekneskapa 1631-1722 på nett

I Digitalarkivet kan ein no finne ein retteleg godbit: kyrkjerekneskapa for alle prestegjeld og sokn i nye Luster kommune. For Jostedal prestegjeld finst rekneskapar heilt attende til 1631. Dei går fram til 1722 då kyrkjene på bygdene i Sør-Noreg vart auksjonerte bort til private. Dette er mellom dei eldste kjeldene me har til soga om […]

Avskrift av delar av kallsboka

Kallsboka er «historieprotokollen» til prestegjeldet der ymse opplysningar om prestekallet vert førte inn fortlaupande. Kallsboka for Jostedalen er ført sidan 1830, og dei eldste delane er no skrivne av. Gå til sida med avskrifta.

Dokument om prest og kyrkje frå 1600-talet

I samband med 350-årsjubileet for kyrkja i 2010 er mykje gamalt arkivtilfang grave fram. Det gjeld mellom anna fleire dokument frå 1600-talet om kyrkjebygginga og om økonomiske tilhøvet kring prestekallet. Her er fleire godbitar: Dokumentet frå 1656 der det vert vedteke å byggje ny kyrkje, dokumentet frå 1660 frå synfaringa av det nye kyrkjebygget med […]

Lars Kronen: Indtryk og minder (1923)

Lars Kronen, odelsgut på Kruna, drog i 1894 til Amerika og kom seinare borti mykje rart på ferdene sine rundt i verda. No kan heile boka lesast på nettet. Håvard Kastet på Fylkesarkivet skreiv i sommar ei omtale av Kronen og den friske minneboka hans.  Backpakkar frå Jostedalen anno 1894 (Fylkesarkivet, juli 2009)

Justedalens kortelige Beskrivelse i ny digital utgåve

Jostedalsskildringa til Matthias Foss (skrive 1750) er no tilgjengeleg i fulltekst i to utgåver. Ei avskrift av den prenta versjonen frå 1802 avløyser avskrifta som har lege ute på nettstaden sidan 2002. Heilt ny er ei skanna utgåve av den fyrste prenta versjonen slik han stod i Magazin for Danmark og Norges topographiske, oekonomiske og […]