Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Kyrkjehistorie'

Avskrift av den eldste kyrkjeboka

Den eldste kyrkjeboka for Jostedal prestegjeld dekkjer perioden 1733-1751. Me har no lagt ut ei fullstendig avskrift av dei 68 sidene i protokollen som framleis finst. Her kan jostedølene og jostedalssamfunnet følgjast frå veke til veke og til tider frå dag til dag, i gleder og sorger. Gå til avskrifta og nærare omtale.

Nytt 1600-talsdokument om presteløna har dukka opp

I samband med jubileumsboka om kyrkja (2010) fann me fram til ei rekkje 1600-talsdokument om dei dårlege vilkåra for presten i Jostedalen. No har me vorte kjende med endå eit dokument. I 1660-åra var prestane og futane pålagde å setje opp manntal over alle menn i embetsdistrikta sine. Dette er velkjende og mykje brukte kjelder […]

Bokpris til kyrkjeboka

Grafill hadde torsdag kåringa av «Årets vakreste bøker», og 350-årssoga om Jostedal kyrkje vart vurdert i klassen «Fakta og oppslag/Voksenlitteratur». Formgjevar Torill Henningsen i Blæst design fekk diplom (=delt tredjeplass) for boka, og juryen skriv: «Delikat, gjennomført, påkostet og lekker. Fin avstemming av detaljer, tekst og bilder.» Me gratulerer!

Kyrkja 350 år i dag

I den grad det er mogleg å feste kyrkjejubileet til ein dato, må det vere i dag, for me har ikkje datoen for når kyrkja vart innvigd. Då får me bruke ei meir prosaisk hending: Den 2. oktober 1660 var synfaringa der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Verdien av arbeidet vart sett til 216 […]

Kona til Matthias Foss på tukthus

Presten Matthias Foss vart separert frå kona Marie Dreyer i 1763, og ho og borna enda i djup fattigdom i Bergen. Fleire biografiske omtaler nemner at Marie vart innsett på tukthuset i Bergen for tigging, og no kan ein lese to dokument om denne hendinga i oktober 1775: Brevet frå den daglege leiinga til «overdireksjonen» […]

Rapport om gjenbrukte materialar i kyrkja

Rapporten frå den siste granskinga av kyrkjebygningen er no komen, skriven av Ola Storsletten som var på synfaring i kyrkja 17. juni. Eit viktig føremål med granskinga var å finne ut om det er gjenbrukte delar frå ei tidlegare stavkyrkje som det er mogleg å få datert dendrokronologisk (årringsdatering). Storsletten har ikkje funne delar som […]

Kyrkjeboka er komen

Laurdag 26. juni var det stort bokslepp på Breheimsenteret under jubileumshelga for kyrkja. Kring 130 frammøtte i den fullsette kafeen fekk sjå boka for fyrste gong, oppleve fine musikkinnslag og høyre om boka. Me har laga ei eiga nettside om den flotte boka. Les meir om boka  Bilete frå boksleppet (bakkebloggen)

Kyrkjejubileum 26.-27. juni

Det nærmar seg den store jubileumshelga for kyrkja. Programmet som soknerådet har sendt til alle husstandar, ser slik ut:

Nye registreringar i kyrkja

Torsdag 17. juni hadde kyrkja igjen vitjing av bygningsekspertar. Denne gongen var det Ola Storsletten frå Norsk institutt for kulturminneforsking, som arbeider for Stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren. Han hadde med seg Ingebjørg Øveraasen. Anne Marta Hoff og Elisabeth Andersen frå NIKU var òg med. Føremålet var dels å halde fram med registreringa av eldre bygningsdelar i kyrkja, […]

Originalen av skattelista frå 1596

Eit dokument om skatteinntektene til presten frå 1596 er det eldste bevarte dokumentet som nemner Jostedalen etter svartedauden og øydetida. Ei avskrift har lenge lege ute på nettstaden vår. I dag har me fått kopi av originalen frå Statsarkivet i Bergen, og den er no lagt ut. Samstundes er sida om skattelista flytt frå kategorien […]