Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Lagsdrift'

Årsmøte 15. mars – tema: turstiar i Jostedalen

Det blir årsmøte i Jostedal historielag torsdag 15. mars kl 19.30 på Jostedal hotell. Tema: Turstiar i Jostedalen Olav Stølen frå Jostedal historielag og Aud Fossøy og Arne Tuften frå Jostedal bygdelag orienterer om arbeidet som er gjort dei siste åra med å leggje til rette turstiar og planane laga har. Vanlege årsmøtesaker. Enkel servering. Gratis. Både […]

Dokument frå årsmøtet 1. mars

På årsmøtet 1. mars vart heile styret attvald, og Olav Stølen held fram som leiar. Årsmeldinga for 2011 vart godkjend og kan no lesast her. Arbeidsplan for 2012 og referatet kjem seinare. Presentasjonen frå føredraget om kongeleg naudhjelp til Jostedalen i 1742-43 er lagd ut her.  

Årsmøte 1. mars

Det vert årsmøte i Jostedal historielag torsdag 1. mars kl 20.00 på Jostedal hotell. Saker 1. Vanlege årsmøtesaker 2. «Kongeleg naudhjelp til Jostedalen. Brevekst og krise i 1740-åra”, ved Oddmund L. Hoel 3. Servering Om temaet I 1740-åra gjekk breane fram og gjorde store øydeleggingar i Mjølver og på Bergset. I 1741 var det flaum og […]

Årsmøte 10. mars

Det blir årsmøte i Jostedal Historielag på Jostedal Hotell, onsdag 10. mars kl 19.30. Vanlege årsmøtesaker. Erling Bjørnetun orienterer om bruk av database til systematisering og produksjon av slektsrapportar. Enkel servering. Vel møtt! Styret

Årsmøtet 12. mars

Laget heldt årsmøte 12. mars. Olav Stølen vart attvald som leiar, det same vart alle andre tillitsvalde. Årsmeldinga vart godkjend, og arbeidsplan vedteken. Følg peikarane for å finne ut meir.

Årsmøte 12. mars

Det er årsmøte i laget torsdag 12. mars klokka 20.00 på Jostedal hotell. Vanlege årsmøtesaker. Alle er velkomne!

Årsmøtet

Laget heldt årsmøte på Jostedal hotell onsdag 12. mars med 15 frammøtte. Styremedlem Olav Stølen vart vald til ny leiar etter Aud Fossøy, som held fram i styret. Det var elles ingen endringar i styret eller andre verv (sjå styrelista). Ann Kristin Sperle og Kristen Ormberg orienterte om stadnamnprosjektet og synte fram korleis det vil […]

Årsmøte 12. mars

Det er årsmøte i laget onsdag 12. mars klokka 19.30 på Jostedal hotell. Ann Kristin Sperle og Kristen Ormberg orienterer om stadnamnprosjektet. Vanlege årsmøtesaker. Alle er velkomne!

Bli brukar

Det er fritt fram for alle å skriva kommentarar til meldingane og sidene på denne nettstaden. Medlemer i historielaget kan òg publisera stoff på nettstaden ved å registrera seg som brukarar. Klikk på «Logg inn» nedst på sida (i botnteksten) og klikk deretter på «Registrer».

Ny nettstad offisielt opna

No er det aller meste av stoffet på den gamle nettstaden overført til den nye, så den gamle blir no teken ned. Merk at nettstaden har eit tydeleg skilje mellom permanente sider (menyen til venstre) og aktuelt stoff (menyen til høgre). På framsida ligg aktualitetsstoffet kronologisk med dei nyaste meldingane øvst. For å få fullt oversyn […]