Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2009 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 10. mars 2010

Styret og nemnder:
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Lars Neset
Styremedlem: Einar Blikra
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Tilsyn med Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Tilsyn med Kvernhuset: Alfred Tuften
Tilsyn med Skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Sigbjørg Sperle og Peder Kjærvik

Årsmøte vart halde den 12. mars og sidan har det halde eit regulert styremøte den 6.mai, og fleire telefonmøter.

Kulturminneåret.
Saman med Jostedal Helselag og Kulturantreprenørane i Luster skipa me til ein «kulturdag» på Nigardsgrandane den 7. juni. Her vart det laga smør, ost, brød og potetkaker og ikkje å gløyme byggraut frå mjøl mele på den gamle kverni. Veret var med oss og mykje folk fann vegen til markeringa og det vart » kultur» for sinn, auga og mage!

Utstilling av kunst etter Sjur Hesjevoll.
I samband med marknadshelgi den 18. – 19. juli fekk me lage ein flott utstilling av arbeider etter Sjur. Familien til Sjur, men også andre lånte ut bilete (52) og mykje av anna kunst (34). Utstillingen, som var arrangert i Samfunnshuset, vart besøkt av 41 9 personar. Som ledd i opninga av utstillingen held Kåre Øvregard eit innlegg om Sjur. Dette kan ein lese i Bjønnaposten 2009.

Stadnamnprosjektet.
Det er arbeidt vidare med dette store materiale i 2009 og målet er å få alle namn registrerte i Fylkesarkivet, og slik at dei vert tilgjengeleg på nettet.

Stadnamnsdag.
I samband med stadnamnprosjektet vart det, søndag den l l. oktober, arrangert tur opp over Jostedalen. Turen starta i Gaupne, med fyrste stopp i kraftstasjonen på Ormbergstølen. Har vart det og kaffepause og «stadnamn» i Statskraft sine lokal. Turen gikk videre opp over dalen med lengre stopp ved flaurnmerket i Fossøygjølet, i Kyrkja og ved
Steinstova på Fåberg. Om lag 30 personar deltok på turen, som vart avslutta med felles middag på Jostedal Hotell.

Jostedalskartet.
Arbeidet har teke noko meir tid enn planlagt, men me rekna med å få det ferdig i år.

Fangstanlegg.
Arbeidet med å registrere gamle fangstanlegg i fjellområda våre er nå samanfatta i ei bok som Sverre Fossen har skrivi: «Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli» Me hadde «bokslepp» på Jostedal Hotell sundag den 29. november. Om lag 50 interesserte personar møtte opp for å høyre Sverres introduksjon av boki. Vidare heldt Fjellopsynsmannen, Einar Fortun, og Jordbrukssjefen i Luster, Steinuf Skjerdal, interessante innlegg relatert til rein og reins-jakt. Alt i alt vart tilskipinga og lanseringa av boki ei flott bidrag til det viktige arbeide med registrering av gamle fangstanlegg i Jostedalsfjelli.

Arkeologiprosjektet.
Det står att å analysere ein del jordprøver som vart tekne. Dette vil danne eit breiare grunnlag for dei konklusjonane som alt er trekte.

Bygningar.
Laget har hatt dugnadsarbeid og utgifter med å restaurere vassveiti til kverni, slik at den kan brukast ved vanleg vassføring i elvi. Nå manglar det ei solid luke ved sjølve inntaket og to luker nærmare kverni.
Elles har det vori utført naudsynt vedlikehald og reinhald på skulehuset og husi i Berget.

Skilting.
Informasjonstavler på vegen – Espe – Elvekrok. I samarbeid med Jostedal Skule er tavlene gjort ferdige og sett opp.

Eigen nettstad.
Jostedal Historielag har eiga heimeside. Oddmund L. Hoel er redaktør og adressa er: https://www.historielaget.jostedal.no

Skriv ein kommentar