Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Nye registreringar i kyrkja

Kyrkjegranskarar i arbeid 17. juni: Ingebjørg Øveraasen, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff og Elisabeth Andersen

Torsdag 17. juni hadde kyrkja igjen vitjing av bygningsekspertar. Denne gongen var det Ola Storsletten frå Norsk institutt for kulturminneforsking, som arbeider for Stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren. Han hadde med seg Ingebjørg Øveraasen. Anne Marta Hoff og Elisabeth Andersen frå NIKU var òg med. Føremålet var dels å halde fram med registreringa av eldre bygningsdelar i kyrkja, og dels å sjå om det var mogleg å ta åringsprøver (dendrokronologiske prøver) for å datere dei eldre delane. Konklusjonane skal få vente til fagfolk har handsama materialet, men det kan kort nemnast at funna frå i fjor vart utdjupa og styrkte: Det er brukt ei rad bygningsdelar frå eit eldre bygg i kyrkja. Det er likevel vanskeleg å slå sikkert fast om desse delane kjem frå ei stavkyrkje, og difor var det heller ikkje grunnlag for å ta årringsprøver i denne omgangen.

Les òg om granskingane i 2009

Skriv ein kommentar