Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Kona til Matthias Foss på tukthus

Presten Matthias Foss vart separert frå kona Marie Dreyer i 1763, og ho og borna enda i djup fattigdom i Bergen. Fleire biografiske omtaler nemner at Marie vart innsett på tukthuset i Bergen for tigging, og no kan ein lese to dokument om denne hendinga i oktober 1775: Brevet frå den daglege leiinga til «overdireksjonen» for tukthuset, og brevet som biskopen deretter sende til prosten i Indre Sogn om saka. Breva vitnar tydeleg om kor pinleg og uheldig øvrigheita meinte saka var for den geistlege standen.
Les breva om Marie Dreyer på tukthuset (1775)

Avskrifter av to korte og tidlegare upubliserte omtaler av Foss er òg lagde ut (Hatting for ei stund sidan):
Prestehistorikaren Albert Hatting om Foss (ca 1770)
Futen Ananias Harberg om Foss (ca 1757)

Skriv ein kommentar