Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2007 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 12. mars 2008.

Styret og nemnder
Leiar: Aud Fossøy
Kasserar: Einar Blikra
Sekretær: Oddmund L. Hoel 
Styremedlem: Lars Neset
Styremedlem: Olav Stølen
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma 
Revisor: Gunnar Ruud
Ansvarleg for Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Ansvar for Kvernhuset: Alfred Tuften
Ansvar for skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Sigbjørg Sperle og Peder Kjærvik

De har vore halde 2 styremøte.

Stadnamnprosjektet
Styret er nøgd med at me snart er ferdige med stadnamnprosjektet. Ann Kristin Sperle som har kalla inn informantane og registrert alt på data, har framleis att noko arbeid. Det syner seg at Fylkesarkivet ikkje har kome i gang med å legge namna på Internet. Det er god von om at namna blir gjort tilgjengeleg til sommaren. Luster kommune og Jostedal Bygdalag har støtta prosjektet økonomisk.
I resten av kommunen ønskjer dei no å bruke same arbeidsmalen som i Jostedalen. Det er difor sett i gang ein storstila pengeinnsamling retta mot lokalt næringsliv og andre for å skaffe midlar til prosjektløn.

Fangstanlegg
Sverre Fossen har laga fyrste utkast til eit hefte om reinstrekk, bogastille, dyregraver, herbyrge, fangsttradisjonar og meir i fjellområda våre. Han har arbeidd godt med stoffet, men han manglar nokre fotografi som han vil ordne i sommar. Einar Ese skal låne ut nokre bilete. Eit av måla til Sverre med dette arbeidet er å få reetablert ein villreinstamme. Jostedal Historielag ønskjer å ta utgiftene med trykking og distribusjon av heftet.

Berget
Styret har vore i drøftingar med Lidvar Hellebø om kjøp, men dette er han ikkje interessert i.  Leigeavtalen går ut i 2028. Kåre Reidar Aasen og gode hjelparar har moka snø av taka på stabburet og fjøset i vinter.

Kvernhuset
Taket er no ordna og det står att å tjørebreie dei nye vindskeiene. Slik styret ser det er Kvernhuset no i god stand. Kommunen har gjeve tilskot til utbetringa.

Jostedalskartet
Åne har gjort eit stort grunnarbeid, men ønskjer hjelp til å bli ferdig. Bjørn Inge Fossen er viljug til å gjere ein jobb med kartet.

Arkeologiprosjektet
Ann Katrine Sivertsen og Anne Mette Haugen presenterte resultata frå granskingane sine på årsmøtet 2007. Pressedekninga var god, og utdrag frå masteroppgåvene stod òg i JSA. I 2007 vart dessutan resten av kolprøvene vaska og gjort klare for å bli sende til laboratoriet for datering. 

Eigen nettstad
Jostedal Historielag har eiga heimeside med redaktør Oddmund L. Hoel. Adressa er:  https://www.historielaget.jostedal.no.

Skriv ein kommentar