Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2008

Vedteke på årsmøtet 12. mars 2008.

Vedlikehald av den merka vegen mellom Espe og Elvekrok. Det må lagast nye informasjonstavler. Historielaget ønskjer å samarbeide med Jostedal skule og bygdalaget.

Bygningane me rår over må vedlikehaldast. Me lyt vurdere å rydde kratt rundt Kvernhuset. Taka i Berget må sjåast over.

Marknaden i sommar: Me vil spørje om ungdomslaget er interessert i ei utstilling av kunst og trearbeid av mellom anna Sjur Hesjevoll.
I tillegg vil me gjerne presentere stadnamnprosjektet viss Fylkesarkivet er klar med sine registreringar. Då er det mykje folk samla og me har hatt stort hell med liknande tiltak tidlegare (utstilling av gamle fangstreiskap, scanning av gamle fotografi, framsyning av gamle filmsnuttar frå Jostedalen). Det er òg aktuelt å ta med nytt frå arkeologiprosjektet på marknaden.

Stadnamnprosjektet held fram.

Anna aktivitet som medlemane ønskjer å setje i gang.

Skriv ein kommentar