Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2011

Vedteken på årsmøtet 3. mars 2011

1. Kverni. Luker for å sikre vassføring til kverni må gjerast ferdig så snart telen er or jordi og før Nigardselvi vert for stor og hindrar arbeidet. Materialar er på plass og lagra forsvarleg. Sjølve feste for kvernkallen, ned ved hjulet, må skiftast ut slik at kallen ikkje kastar seg og gir ekstra slit på sjølve kvernsteinen.

2. Stadnamnprosjektet. Arbeidet med å leggje den siste del av dei registrerte stadnamni inn på data må gjerast verdig. Arbeidet med å få ferdig Jostedalskartet vert også teke opp att.

3. Arkeologiprosjektet. Universitetet i Bergen manglar å få lage ein del analyser av jordprøver. Data frå desse vil gje eit sikrare dateringsgrunnlag.

4. Vegsoge om Jostedalen. På stadnamnturen i oktober 2009 trekte ingeniør Per Birger Lomheim fram mykje spennande om vegbygging i Jostedalen. I samarbeid med Per Birger vil JH starte med å få skrive ei vegsoge.

5. Markering av Nansen-Amundsen-året. I samarbeid med Jostedal Helselag, Jostedal skule og Folkeakademiet i Luster vil JH, i september/oktober, halde ei markering i samband med Nansen-Amundsen-året. Utover dei store hendingane vil me leggje vekt på kva slags proviant og utstyr dei hadde til rådvelde og samanlikne med ekspedisjonar i vår tid.

6. Vedlikehald av bygningar. Utover vanleg vedlikehald, manglar det stadig å leggje opp lange ufsar på fjøsen i Berget.

7. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid / tilskipingar som Laget må ta del i.

Skriv ein kommentar