Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2010 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 3. mars 2011

Styret og nemnder:
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Lars Neset
Styremedlem: Einar Blikra
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Tilsyn med Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Tilsyn med Kvernhuset: Alfred Tuften
Tilsyn med Skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Sigbjørg Sperle og Peder Kjærvik

Årsmøte vart halde den 10. mars 2010.

Medlemer
Det er god oppslutning til Laget, og til og med stigning i medlemstalet, slik at me i dag er oppe på 46 medlemer.

Stønad
Laget har fått støtte frå Luster Sparebank (10.000 kr) og frå Luster kommune (13.500 kr).

Bilete frå utstilling av kunst etter Sjur Hesjevoll
Bilete av kunst som vart tekne under utstillinga den 18.-19. juli i 2009 er snart lagde ut på nettet og kan finnast på historielaget.jostedal.no.

Stadnamnprosjektet
Det er stadig ein del «finpussing» på det store materialet av stadnamn. Mellom anna manglar vi å kartfeste ein del namn og likeeins å tale inn dei lokale namna på band. Frank Optun Smedegård er engasjert for å fullføre arbeidet.

Jostedalskartet
Av forskjellige årsaker vart arbeidet ikkje ferdig i år, og prosjektet held fram i 2011.

FN-dagen
Saman med Jostedal Helselag og Folkeakademiet i Luster markerte me FN-dagen den 24. oktober. Tilstellinga vart halden i Samfunnshuset. Det vart ei fin markering med god lokal mat og smaksprøver på rettar frå fleire land. Olav Stølen fortalde om matsituasjonen i verdi i dag, og viste bilete om plantedyrking og viktige matplantar rundt om i verdi.

Arkeologiprosjektet
Det står att å analysere ein del jordprøver som vart tekne. Dette vil danne eit breiare grunnlag for dei konklusjonane som alt er trekte.

Bygningar
Kverni: Etter fleire synfaringar er me no einige om korleis lukene, for å sikre vassføringi til kverni, skal byggjast, og me har kjøpt inn og fått på plass materialar. Arbeidet kan såleis starte så snart telen er or jordi og før vassføringi i Nigardselvi vert for stor.
Husi i Berget: Det har vore fleire tilsyn med husi og ein større oppryddingsdugnad og vasking i stovehuset. Det har vori lite usikkerheit om muren i syd-veggen på fjøsen har sigi og derfor hadde me fagfolk, Kåre Reidar Aasen og Arne Leirdal, framme for å sjå på den. Dei konkluderte med at muren ikkje har forandra seg.
Skulehuset: Her har det også vori utført naudsynt vedlikehald og reinhald.

Eigen nettstad
Jostedal Historielag har eiga heimeside. Oddmund L. Hoel er redaktør og adressa er: https://www.historielaget.jostedal.no

Skriv ein kommentar