Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2011 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 1.3.2012.

[Årsmeldinga i pdf med bilete]

Styret og nemnder:
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Lars Neset
Styremedlem: Einar Blikra
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Tilsyn med Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Tilsyn med Kvernhuset: Alfred Tuften
Tilsyn med Skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Sigbjørg Sperle og Peder Kjervik.

Om kvern, kvernrenne og bygningar
Me brukte mykje tid og krefter på å byggje kraftige luker i kvernveiti. Desse vart ferdige i juni, og me var godt fornøgde. Men alt i juli, med flaum i elvi, rauk hovudluka att. Ei ekstra luke ved inntaket må derfor byggjast i 2012.

Utover tilsyn og opprydding har det ikkje vore mykje arbeid på Husi i Berget og Skulehuset. Det gjekk bra under stormen 1. juledag i fjor, og som det ser ut til no, vart det berre moderat skade på glas og kledning på stova i Berget.

Markeringa av Nansen – Amundsen-året
Tilskipinga på Samfunnshuset den 25. september samla mykje folk. Sigrid Henjum, nyss heimattkomen frå tur over Grønland, hadde eit flott foredrag. Ho samanlikna mellom anna utstyr, proviant og klede med Nansen sin ekspedisjon i 1888. Både mat, kulturelle og faglege innslag var vellukka, og Ditlef Forsberg, sjøkaptein, brukte sekstanten og fekk oss godt til «Polen» og heimatt!

Stadnamnprosjektet
Arbeidet har gått greitt og registrering av stadnamn under 800 meter er nesten ferdig og avlevert til Fylkesarkivet. Me er også så smått komne i gang med fjellkarti – stadnamn, over 800 meter.

Arkeologiprosjektet
Arkeologane har gått gjennom resten av jordprøvene som vart tekne. 12 av desse er i ein slik stand at dei kan verte analysert – 10 frå Espe og 2 frå Åsen. Dette er kolprøver som vil kunne gje datering av det eldste dyrkingslaget. Det står att noko papirarbeid før prøvene kan sendast til laboratoriet for datering, og det vil skje i mars. Resultata frå prøvene vil gje eit breiare grunnlag for å datere den eldste faste busetnaden i bygdi.

Stønad
Laget har fått støtte frå Luster Sparebank (12.000,- Kr.) og frå Luster Kommune (6.800,- Kr.)

Medlemmer
Det er god oppslutning til Laget, 41 medlemmer. Kontingenten vart også i 2011 halden på 100 kr.

Tap av bunadsskatten
Utstillinga av bunadsskatten gjekk diverre tapt i brannen på Breheimsenteret den 28. juli. Kleda er heldigvis fotograferte og registrerte av Norsk institutt for bunad og folkedrakt ved Valdresmusea. Kvinnedrakter og barnetøy frå 1920-åra, eigar Vidar Tuften, gjekk ogso med i brannen.

Andre saker

Forsikringar. Laget har vurdert om det skulle ha forsikring på alle hus då det er ei stor utgift for eit lite lag. For offentleg støtte til vedlikehald av bygningar er det også krav om forsikring. Derfor er det til alle bygningar og kvernrenne teikna forsikring i IF.

Vegsoge. Per Birger Lomheim og leiar har arbeidt på soga, og brukte m.a. ein heil dag på synfaring / fotografering av vegmurar, bruer og brukar opp over dalen.

Lokalhistorisk Årbok for Luster. Bok nr. 6 kom i 2011. JH har støtta arbeidet og var med på lanseringi på Walaker Hotel i Solvorn den 6. november.

Kulturhistorisk registrering i Berget. Den 9. juni hadde me vitjing frå Riksantikvaren, Landbruksdepartementet o.a. Dei tykte svært godt om Berget.

Møte i Styret. Utover årsmøte har me halde fem styremøte.

Årsmøtet 3. mars 2011 vart avslutta med at Steinar Bruheim tok oss med på tur, ved hjelp av flotte lysbilete, til høge toppar i framande land.

Eigen nettstad. Jostedal Historielag har eiga heimeside. Oddmund L. Hoel er redaktør og adressa er: https://www.historielaget.jostedal.no.

Skriv ein kommentar