Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2012

Vedteken på årsmøtet 1. mars 2012.

1. Kverni. Luker for å sikre vassøring til kverni vart gjort ferdige i juni 2011. Men sjølv med solide luker vart det skade på den fremste under storflaum i Nigardselvi i juli. Derfor lyt me setje opp ei ekstra luke i sjølve inntaket. Dette må gjerast så snart telen er or jordi og før elvi vert for stor og hindrar arbeidet.

Sjølve feste for kvernkallen og løfte innstilling, ned ved hjulet, må skiftast ut. Til dette arbeid fekk me 2000,- kr. i støtte frå Kommunen i 2011. Me nådde ikkje å få ferdig arbeidet, men fekk overført midlane til i år.

2. Berget. Den store dørhella til stabburet er sklidd ned og må løftast på plass og sikrast. Til dette arbeid lyt me leige traktor / gravemaskin.

Under stormen 1. juledag i fjor vart det noko skade på bordkledning og glasruter på stova i Berget. Skadane må utbetrast så snart det er mogleg å komme opp med reiskap.

3. Skulehuset. Småkratt veks på taket og røtene kan gå ned og gjere skade. Denne vegetasjon må derfor reinskas vekk her i vår. Det kan også vise seg nødvendig med måling.

4. Stadnamnprosjektet. Avslutte arbeidet med registrering av stadnamn under 800 meter og gjere ferdig «fjellkarti»

5. Vegsoge om Jostedalen. Per Birger Lomheim har samla opp må materiale i 2011 og det vart fotografert og registrert detaljer om bruer opp over dalen. Det vert arbeidt vidare med materialet i år.

6. Tilskiping i Berget / Nigardsgrandane. I fyrste halvdel av juni vil me, i lag med Helselagt o.a. lage ei tilskiping med god lokal mat, musikk og andre kultur innslag – noko for alle aldersklassar.

7. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid / tilskipingar som Laget må ta del i.

 

Skriv ein kommentar