Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2012 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 7.3.2013.

[Årsmeldinga i PDF]

Årsmøtet vart halde den 1. mars 2012, på Jostedal Hotell.

Val. Einar Blikra, Lars Neset og Olav Stølen vart valde for 2 nye år i styret og Olav Stølen i eit som leiar. Sigbjørg Sperle og Peder Kjervik ønskte å gå ut av boknemnda. Nye vart O. Stølen og K. Ormberg. Styret og nemnder etter val:

Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Lars Neset
Styremedlem: Einar Blikra
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Tilsyn med Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Tilsyn med Kvernhuset: Alfred Tuften
Tilsyn med Skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Olav Stølen og Kristen Ormberg

Berget.
Den 29. mai var det dugnad i Berget med, mellom anna, å få på plass att den store stabburshella, på nærmare 700 kg. Me fekk også rydde godt opp rundt husi og mykje gammalt bos vart med på Fendten til Kåre Reidar.

Men det veks godt i Berget og om kvelden den 4. september måtte me i gang att med ljå og snel. Me ville ha det fint og ryddig til feiring av Gamle Barsok dagen etter. Me heldt også styremøte den kvelden og hadde invitert Torunn Løne Vinje til å orientere oss om Kulturminnevern. Om ikkje veret var alt for godt, og det var lite kaldt i stova, så vart det ei fin markering av Gamle Barsok. Rømmegrauten smakte særdeles godt, og så underheldt Else Marie Haugen og Arvid Elvekrok oss med vakker «huldremusikk» Leiaren fortalde også litt om Gamle Barsok feiring og om hulder. Så gikk turen heim att, i dusjeregn og i fin seinsommarstemning, og så fekk «huldrene» ta over i Bergagarden for hausten og vinteren!

Skulehuset.
Nokre tre vart slegne inn på huset under stormen Dagmar. Dei fekk Kåre Reidar Åsen og O.S. saga ned den 23. august. Me skar også ned småtre på taket og rydda opp på tomten. Seinare ordna Kåre Reidar med skadde vindskeier og glasruter.

Stadnamnprosjektet.
Stadnamn under 800 meter ferdige, og mesteparten er avlevert til Fylkesarkivet. Likeeins er arbeidet med fjellkarti – stadnamn over 800 meter, nesten ferdig. Me har god dialog med Fylkesarkivet om digitalisering av namna og har fått støtte frå Luster Kommune til den delen.

Rydding av Gamlevegen på austsida av Dalen.
«Dagmar» slo mykje stor skog inn over Gamlevegen på strekninga Vigdal-Ormbergstøl, og det var faktisk uframkomeleg. Med støtte i Smil-midlar og dugnad vart vegstrekninga skikkeleg rydda, og det er no fint og trygt å gå.

Arkeologiprosjektet.
Arkeologane har gått gjennom resten av jordprøvene som vart tekne. 12 av desse er i ein slik stand at dei kan verte analysert – 10 frå Espe og 2 frå Åsen. Dei skal no sendast inn til datering.

Stønad i 2012.
Laget har fått stønad frå Luster Sparebank (15.000,- Kr.), frå Luster Kommune (4.500,- Kr.) og frå STL (17.000,- kr.).

Medlemmer.
Det er god oppslutning om laget, 40 medlemmer. Av omsyn til å søkje om kommunal stønad måtte me auke kontingenten til 150,- kr.

Bunadskatten.
Historielaget har skanna katalogkorta, og dei er no tilgjengeleg på nettstaden vår.

Breheimsenteret.
Dei kulturhistoriske bruksgjenstandane som gjekk tapt i brannen: Jostedal Historielag tok initiativ til eit møte med leiinga i Breheimsenteret. Dei har no utbetalt erstatning til eigarane av dei mest verdifulle gamle gjenstandane, sjølv om dette ikkje blir dekka i forsikringsoppgjøret deira.

Andre saker.

Vegsoge. Per Birger Lomheim og leiar held tak i arbeidet, men leiar måtte, i fjor, prioritere arbeidet med Stadnamnsprosjektet.

Lokalhistorisk Årbok for Luster. Kristen Ormberg og leiar var med på fellesmøte den 13. mars. Her vart det diskutert om bidrag til ny Årbok.

Naturvernprosjekt. Leiar var med Luster Kommune på studietur til Stranda/Geiranger, Vågå og Valdres i dagane 27. – 29. august.

Møte i styret. Utover årsmøtet har me halde 4 styremøte.

Årsmøtet den 1. mars 2012 vart avslutta med kaffi og lite kveldsmat, og så heldt Oddmund Løkensgard Hoel eit tankevekkande innlegg om: «Kongeleg naudhjelp til Jostedalen. Brevekst og krise i 1740-åra» Det var harde tider det!

Eigen nettstad. Heimesida til Jostedal Historielag feirar 10 års jubileum i år. Oddmund L. Hoel er redaktør og adressa er: https://www.historielaget.jostedal.no

 

Skriv ein kommentar