Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2008 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 12. mars 2009

Styret og nemnder
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Lars Neset
Styremedlem: Einar Blikra
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen.

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Tilsyn med Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Tilsyn med Kvernhuset: Alfred Tuften
Tilsyn med Skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Sigbjørg Sperle og Peder Kjærvik

Årsmøte vart halde den 12. mars og vidare vart det halde 2 styremøte.

Markering av det Internasjonale Potetår
I samarbeid med Jostedal Helselag og Jostedal Skule skipa me til ein stor ”potetdag” på Samfunnshuset den 27. september. Det vart ein vellukka dag som me har fått ros for.

Stadnamnprosjektet
Arbeidet med å registrere, kontrollere, kartfeste og lese inn uttale av stadnamna er snart ferdig frå vår side. Det neste steg er så å få det tilgjengeleg på nettstaden til Fylkesarkivet. Problemet her er at Fylkesarkivet ikkje vil starte arbeidet før det er garantert økonomisk dekning frå Luster Kommune. Prosjektmedarbeidar i Historielaget er Ann Kristin Sperle.

Soga om reinsjakt
Sverre Fossen har laga ferdig eit manuskript om fangsttradisjonar, reinstrekk, dyregraver, bogastille, dyregraver, herbyrge og meir i fjellområda våre. Manuskriptet er innlevert til prenting hos Sogn Prenteverk og me reknar med å kunne halde ”bokslepp” i løpet av 2009.

Arkeologiprosjektet
Analyser av jordprøvar er ennå ikkje heilt ferdige og det manglar samanstilling og tolking på noko av materialet.

Jostedalskartet
Det er gjort eit godt grunnarbeid med kartet av Åne Elgersma. Bjørn Inge Fossen har sagt seg viljug til å stø opp om arbeidet slik at det kan gjerast ferdig så snart som mogleg.

Bygningar
Berget, Kvernhuset og skulehuset har kart seg utan større vedlikehald.

Eigen nettstad
Jostedal Historielag har eiga heimeside. Oddmund L. Hoel er redaktør og adressa er: https://www.historielaget.jostedal.no

Skriv ein kommentar