Arbeidsplan for 2009
Vedteke på årsmøtet 12. mars 2009
1. Jostedal Historielag vil, samen med andre lag i Dalen / Kommunen, markere Kulturminneåret med ei tilskiping på Nigardsgrandane i juni. Då skal kverni, som laget rår over, visast fram og ein kan få sjå korleis kornet ver male. Mjølet skal brukast til å koke graut og til andre godsaker.
2. Utstilling av arbeider etter Sjur Hesjevoll. Utstillingen er tenkt å haldast i samband med marknadshelgi i slutten av juli. Den næraste familie etter Sjur er svært interesserte i dette tiltak og vil registrere og låne ut arbeider til utstillingen og i det heile hjelpe til.
3. Stadnamnprosjektet. Materialet må gjerast ferdig slik at det kan registrerast i Fylkesarkivet og verte tilgjengeleg på nettet.
4. Stadnamndag. Jostedal Historielag o.a. vil arrangere ein stadnamntur ( i august / september) opp over Jostedalen. Det er rekna med ein buss som tek 50 personar. Turen startar i Husøy og kjører til Bergset. Det vert mange stopp opp over Dalen og lokalkjente folk vil fortelje om stadnamn og soger som er knytte til desse.
5. Skilting / informasjonstavler på vegen: Espe – Elvekrok. Det manglar å gjere ferdig nokre tavler før oppsetjinga kan ta til.
6. Alle bygningar som Laget rår over må haldast vedlike.
7. Arkeologiprosjektet. Me reknar med at Universitetet i Bergen vert ferdige med prosjektet i år.
8. Det vert arbeidt vidare med Jostedalskartet.
9. Anna viktig aktivitet.
Publisert av Oddmund, 31. mars 2009 under Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar