Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Folketeljingane 1815 og 1891 på nett

Folketeljing-1815-s1Personlistene i folketeljingane er særs viktige kjelder for dei som driv med slektsgransking og elles er ute etter historisk personinformasjon. Frå før ligg fleire folketeljingar på nettet, og no er det kome to til.

I folketeljinga for 1815 sende prestane berre inn summeringar, ikkje namnelister, men for somme prestegjeld finst likevel namnelister. Historikar Hilde Jåstad oppdaga i fjor at det faktisk finst namnelister for Jostedalen i Riksarkivet. Dei har me no lagt ut (skanna original).

Arkivverket har ei stund arbeidd med å leggje ut folketeljinga for 1891 i Digitalarkivet. No er heile Sogn og Fjordane klar, og her finn ein dei originale handskrivne teljingslistene og personsetlane for Jostedalen (skanna original).

Sjå òg fleire manntal og folketeljingar for Jostedalen.

Skriv ein kommentar