Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Telefonen 100 år!

Telefon nr 1 - telefon modell 1918I dag er det 100 år sidan Sperle rikstelefonstasjon opna, som den fyrste i Jostedalen. 13. november 1914 kunne jostedølene for fyrste gong kome i kontakt med omverda raskare enn den tida det tok å sende eit brev med hesteskyss.

Under den nye sida Telekommunikasjon ligg no stoff om den 20 år lange kampen som jostedølene måtte føre for å få telefon. Mellom anna kan ein lese oppropet frå 1913 då 344 menn og kvinner i Jostedalen kravde at Stortinget løyvde pengar til telefonline.

Skriv ein kommentar