Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2016

Vedteken på årsmøtet 23. februar 2016.

1. Fossabrui. Restaurering vert sett igang så snart veret er lagleg for arbeidet, og me har idrettsmessig godkjenning frå kommunen. Budsjettet er på 250.000 kr. JHhar «eigenkapital» på 163.500 kr,og det vert søkt om spelemidlar til dekning av restbeløpet.

2. Gangevegen Døsen – Viva. Det vert søkt om spelemidlar til opprydding/restaurering. JH tek ansvar for Vigdal – Viva. Med unntak av ei kleiv/oppsteg ned til Ormbergstøl er det rydding av skog og kratt det er tale om.

3. Gangevegen Ormbergstøl – Høgebrui. Det er rydda mellom Åsen og Bruheim, og då denne vegen er trygg og fin å ferdast på, må den haldast. Men i samband med restaurering av Fossabrui og gangeveg på vestsida, frå Flaumparken – Høgebrui, vert det ikkje rydding av vegen over Ormbergshovden – Bogane – austsida av Fossøygjelet, og Bruheim – Høgebrui.

4. Berget og skulehuset. Her er tale om årlege vedlikehald og tilsyn vår og haust, og slått og rydding rundt husi. Dei som har tilsynet, kallar inn til dugnadsarbeid og hyggeleg samvær!

5. Kverni.Der er ein del mindre utbetringar på lukene nærmast kverni (planlagt for 2015), men ut over dette skulle kverni ikkje krevje det stort vedlikehaldsarbeid i år.

6. Stadnamnprosjektet. For JH vil arbeidet i år vere moderat.

7. Kulturhistorisk årbok for Luster. Årbok nr. 7 er stort sett ferdig for utgjeving. JH har teke del i arbeidet og må også vere med å selje boki når den føreligg.

8. Tilskiping. Saman med Jostedal Helselag og Kulturakademiet i Luster vil JH lage ei tilskiping på Nigardsgrandane i likheit med den me hadde i 2009.

9. Turar. Ut på våren og i samband med ryddearbeid vil JH arrangere aktuelle kveldsturar.

10. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid/aktivitetar/tilskipingar som laget må ta del i.

Skriv ein kommentar