Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2016 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 5.3.2017.

[Årsmeldinga i pdf, med årsmøtereferat 2016]

Årsmøtet vart halde den 23. februar 2016, på Jostedal Hotell.

Val. Einar Blikra, Lars Neset og Olav Stølen var på val. Lars Neset ynsket ikkje attval og Arne Aasen Hauge vart vald.  Einar Blikra og Olav Stølen tok attval for 2 nye år i styret, og Olav Stølen i eit år som leiar.

Styret og nemnder etter val:
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Einar Blikra
Styremedlem: Arne Aasen Hauge

Varamedlemer: Frode Svori og Kari Grov

Tilsyn med Berget: Arne Aasen Hauge (leiar), Einar Blikra, Geir Vidar Tuften og Kari Grov
Tilsyn med Kverni: Asbjørn Aasen, Olav Stølen og Kåre Reidar Aasen
Tilsyn med Skulehuset: Lise Aasen og  Åne Elgersma
Arrangementskomité: Arne Aasen Hauge, Marit Elvekrok, Mary Aasen og Asbjørg Ormberg
Boknemnd: Oddmund Hoel, Olav Stølen og Kristen Ormberg. Olav og Kristen held fram til årbok nr. 7 er utgitt, deretter tek Oddmund over

Revisor: Gunnar Ruud attvald

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma vart attvalde

Laget hadde 69 medlemer i 2016.

Fossabrui og den gamle ferdavegen Døsen – Vigdal – Ormbergstøl – Viva. JH har arbeidet med å skaffe midlar m.a. frå «spelemidlar» til restaurering av Fossabrui og til restaurering  av vegen frå Vigdal–Flaumparken–Viva. JH kan ikkje søkje om spelemidlar og har derfor gjort avtale med Luster turlag, som inngår som søkjar. Søknaden vart godkjend hjå Fylkesmannen den 20. februar, 2017  og sendt vidare i systemet. Den restaurere Fossabrui vart opna med stor festivitas 17. september. Kåre Reidar Aasen hadde ansvaret for arbeidet.

Stadnamnprosjektet. Det er stadig ein del manglar med omsyn til  kartfesting og innlesing av ein del namn.  JH  koordinerer arbeidet med  Fylkesarkivet, som til no har digitalisert om lag 15.000 namn.

Stadnamna finn du på nettstaden til Fylkesarkivet (sjå orientering). Knip det med å orientere seg på nettet, kan ein ringje til Randi Melvær/Fylkesarkivet for hjelp.

Kulturhistorisk årbok for Luster,  nr. 7. Arbeidet vart gjort ferdig siste år, boki prenta, og lansert på ei tilstelling på Lustrabui den 1. desember. Jostedal Historielag har ansvaret for bokkontoen og, har i liksom Luster og Hafslo Sogelag, lagt ut kr 15.000 til prentearbeidet. Desse midlar får me no inn igjen. JH har motteke 45 bøker som er til sal mellom anna på Jostedal Hotell.

Vedlikehald av Berget, Skulehust og kverni. Kverni er i fin stand, og den mol godt på «tradisjonsdagen» den 19. juni.

I Berget vart det halde dugnad, i juni,  med slått og opprydding rundt husi, og det vart rydda og vaska i stova.

Den 3. november tok me også eit tilsyn med husi og kverni og fan at alt var i orden til vinteren.

Kulturhistorisk tur. Den 12. juni arrangerte JH tur frå Flaumparken–Fossabrui–Dalen–Dalahaugane og ned til Flaumparken att. Ein flott tur, i flott ver og med mange interesserte deltakarar. Turen var ein del av Norsk brefestival.

Rydding av sti. Alv Nordheim og andre har rydda på stien melom Mjølver og Nordheim.

Gamle bilete. Under Markadshelgi i 2001 vart det skanna og registrert 123 gamle bilete som folk hadde med seg til samfunnshuset. Det var laga utskrifter av bileta til ei utstilling. Etter at det kom spørsmål om bileta hausten 2016, har JH lagt ut bileta og den tilhøyrande dokumentasjonen på Internett (sjå orientering).

Andre aktivitetar. Det kjem ofte førespurnader om slekt i Jostedalen mellom anna frå Amerika.

Stønad i 2016. Laget har fått stønad frå Luster Sparebank (kr 20.000) og frå Luster Kommune (kr 5.000).

Eigen nettstad. Heimesida til Jostedal Historielag (Oddmund L. Hoel er redaktør) finn ein på: https://www.historielaget.jostedal.no.

Skriv ein kommentar