Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2017

Vedteken på årsmøtet 5. mars 2017.

1. Stien Døsen – Viva. Det er søkt om spelemidlar til rydding / restaurering, og søknaden er godkjent av Fylkesmannen. JH har ansvar for Vigdal – Viva. Vanskeleg oppsteg i Høgekleivi, opp for Ormbergstøl er allereie restaurert. Elles er det ikkje store skadar på stien, men skog og kratt som må ryddas vekk. Det er planlagt å få setje opp 7 informasjonstavler.

2. Stien Ormbergstøl – Høgebrui på austsida av dalen. JH har fått eit tilskot frå SMIL-midlar på kr. 18.000. Det er rydda mellom Åsen og Bruheim, og då denne veg er trygg og fin og ferdast på må den haldast. Stien over Ormbergshovden – Bogane – Ysteteigen er utsett for ras og spørsmålet er om me skal rydde den? Tilskotet frå SMIL fell bort om ikkje heile strekninga ver rydda.

3. Berget og Skulehuset. Det er planlagt å skifte kledning på brystveggen på stova i Berget og det er søgt Kommunen om støtte til arbeidet. I tillegg  kjem årlege vedlikehald og tilsyn vår og haust, og slått og rydding rundt husi. Dei som har tilsynet kallar inn til dugnadsarbeid og hyggeleg samvær!

4. Kverni. Der er ein del mindre utbetringar på kverndammen og  på lukene nærmast kverni. Inne må tre- ringen rundt steinane skiftast ut.

5. Stadnamnprosjektet. For JH vil arbeidet i år vere moderat

6. Kulturhistorisk årbok for Luster. Boknemndi vil starte arbeidet med ny årbok, nr. 8,  i løpet av våren.

7. Turar. Søndag den 18. juni vert det tur frå Elvekrok til Espe. Det er Luster turlag som  arranger turen og med Marit Elvekrok som Kjentkvinne.
Til Reinskvei i Geisdalen. Det er ynskje om ein tur til dette gamle fangstannlegg. Tidspunkt?
Elvekrok – Mjølver – Nordheim og tilbake over Krokåsen er og ein fin tur. Tidspunkt?

8. Aktivitet under Marknadshelgi?

9. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid / aktivitetar/tilskipingar som Laget må ta del i.

Skriv ein kommentar