Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2017 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 15.3.2018.

[Årsmeldinga i pdf, med årsmøtereferat 2017]

Årsmøtet vart halde den 5. mars 2017 på Jostedal Hotell.

Val. Oddmund Hoel og Aud Fossøy var på val til styret. Aud Fossøy ønskte ikkje attval, og Gunnar Ruud vart vald for 2 år. Oddmund Hoel tok attval for 2 år i styret, og Olav stølen i eitt år som leiar.

Styret og nemnder etter valet:
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Gunnar Ruud
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Arne Aasen Hauge
Styremedlem: Einar Blikra
Varamedlemer: Frode Svori og Kari Grov

Tilsyn med Berget: Arne Aasen Hauge (leiar), Einar Blikra, Geir Vidar Tuften og Kari Grov.
Tilsyn med Kverni: Arne  Aasen Hauge, Olav Stølen og Kåre Reidar Aasen.
Tilsyn med Skulehuset: Lise Aasen og Anne Elgersma.
Arrangementskomité: Arne Aasen Hauge, Marit Elvekrok, Mary Aasen og Asbjørg Ormberg.
Boknemnd: Oddmund Hoel, Olav Stølen og Kristen Ormberg.

Vegnemnder. Stien/gangevegen Døsen–Viva er gamal, men over mange år med lite vedlikehald er det no eit stort arbeid med å rydde og setje i stand att stien. Det er også svært viktig framover med årleg vedlikehald. JH meiner det er klokt å dele stien «grendevis» og valnemndi hadde tala med personar som er viljuge til å gå inn og ta ansvar for dette arbeidet. Fyljande vart valde:
Vigdal–Fossabrui: Bjørn Ove Leirdal og Kristen Ormberg.
Fossabrui–Sperla: Sverre Fossen og Per Fossøy.
Sperla–Prestegarden: John Geir Sperle og Anne Elgersma.
Espe–Elvekrok: Lars Erik Espe og Arvid Elvekrok.
Mjølvergrendi–Nordheim: Sverre Tvedt og Alv Nordheim.

Revisor: Aud Fossøy (ny)

Valnemd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma vart attvalde.

Fossabrui og den gamle ferdavegen Døsen–Vigdal–Ormbergstøl–Viva. Dette tiltak har kravd ein stor innsats frå JH i 2017. Men arbeidet har bore frukt, for i samarbeid med Luster turlag har JH fått  «spelemidlar» og støtte frå Luster Kommune på over 200.000, kr. Ein del av desse midlar har gått til å avvikle gjeld på Fossabrui – som no står og nikkar skuldfri! Resten av midlane vil dekkje tiltak på stien som me ikkje kan klare med dugnadsarbeid. Det gjeld mellom anna utbetring som krev fagfolk og til arbeid med  tavler og skilting.

Stadnamnprosjektet. Det er stadig ein del manglar med omsyn til  kartfesting og innlesing av namn.  JH  koordinerer arbeidet med Fylkesarkivet, som til no har digitalisert 17 381 namn, som no er å finne på nettet. Knip det med å orientere seg på nettet, kan ein ringje til Randi Melvær (Fylkesarkivet) for hjelp.

Vedlikehald av Berget, Skulehust og kverni. Det var planlagt å leggje ny bordkledning på brystveggen på stova i Berget, i sommar, og JHfekk støtte frå Kommunen på 8000 kr. På grunn av mangel på snikkar fekk me ikkje gjort arbeidet. Elles vanlig tilsyn med husi.

Kulturhistorisk tur. Den 5. september arrangerte JH tur i Mjølvergrendi. Med Solveig og Sverre Tvedt som kjentfolk gjekk turen frå Kverni på Nigardsgrandane til Bjørkehaugen–Mjølver– Nordheim–Pikhaug og til Kverni att. Ein flott tur, i lite ruske ver, med svært positive deltakarar.

Rydding av sti. Den 14. juni var det dugnadsarbeid med ryddig/utbetring på stien Elvekrok–Espe. Manskapet delte seg og starta frå kvar sin ende. Ved møte ca. midtveges var det kvile og triveleg kaffipause.

Andre aktivitetar. JH prøver mellom anna å hjelpe folk som røkjer etter slekt i Jostedalen eller som ynskjer å vitje dalen.

Stønad i 2017. Laget har fått stønad frå Luster Sparebank (kr 20 000) og frå Luster kommune/spelemidlar (ca kr 200 000).

Eigen nettstad.  Heimesida til Jostedal Historielag (Oddmund L. Hoel er redaktør) finn ein på: https://www.historielaget.jostedal.no

Skriv ein kommentar