Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2005 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 16.3.2006.

Styret
Styret har vore slik etter årsmøtet 16.3.2005:
Leiar: Aud Fossøy
Kasserar: Einar Blikra
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Olav Stølen
Styremedlem: Lars Neset
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen
Det har vore tre styremøte.

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud (vara: Halldor Sperle)
Ansvarlege for Berget: Liv Espe, Lars Neset og Harald Haugen
Ansvarleg for kvernhuset: Alfred Tuften
Ansvarleg for skulehuset: Åne Elgersma

7. juni
Me feira 100-årsjubileet med marsj frå Gjerde til Breheimsenteret. Der heldt Olav Stølen og Oddmund Hoel føredrag, og Asbjørg Ormberg leidde allsongen. Kring 80 møtte fram på Breheimsenteret.

Berget
Det vart utsett til 2006 å gjere noko med kledningen. I staden for å leggje på ny, er det planlagt å rive av den som er. Det trengst ein ny mønekjøl til taket.

Stadnamnprosjektet
Dei kring 3500 namna i Frøysadal-samlinga frå 1959 var ferdig reinskrivne og digitaliserte av Universitetet i Bergen i juni. Arbeidet med å gå samordne, kontrollere og kartfeste namna frå dei ulike innsamlingane viste seg å vere for omfattande og innfløkt til at ein kunne ta det på dugnad. Ann Kristin Sperle vart difor engasjert av laget i januar som sekretær for stadnamnprosjektet. Når arbeidet med å gå gjennom alle namna er ferdig i løpet av våren, vil samlinga bli overlevert til Fylkesarkivet som gjer ho tilgjengeleg på Internett.

Klede frå Fåberg
Barne- og kvinnekleda som Alfred Horpen let etter seg, blir no utstilte permanent på Breheimsenteret. Dei har vore til reinsing på Sogn folkemuseum som har vore til god hjelp med utstillinga. Det står att noko montering og å skrive tekstar før utstillinga er heilt ferdig.

Arkeologiprosjektet
Året har gått med til å vente på dateringar av kolprøvene som vart tekne sommaren 2004, og difor er det ikkje sett i gang meir feltarbeid. Laboratoriet i Trondheim var ferdig med sin del av arbeidet før jul. Anne Mette Haugen og Ann Kristin Sivertsen går no gjennom resultata, og når dei er ferdige med masteroppgåvene sine i mai/juni, vil me få eit fyrste inntrykk av alderen og omfanget på den eldste busetnaden. Økonomien i prosjektet er god, og det er planlagt å gå i gang med nytt feltarbeid til sommaren for å supplere det som er gjort tidlegare.

Stabburet i Prestegarden
Stabburet frå Li var pill rote, så det er no køyrt bort. Laget fekk det i 1963 og køyrde det til Prestegarden i 1981 med tanke på eit bygdetun, men det vart aldri sett opp.

Arkivet til laget
Styret kjem til sende papir og protokollar frå laget til Fylkesarkivet på Leikanger. Trass i avstanden er dette den sikraste og mest tilgjengelege måten å ta vare på arkivet på.

Internettsider
Historielaget har hatt eigen nettstad på Internett sidan november 2002, og der har det jamleg vorte lagt ut stoff om soga til dalen. Adressa er www.historielaget.jostedal.no. Siste året er det mellom anna kome til ein del stoff om 1905.

Kommentarar

Kommentar frå Mel Molstad
Tid: 31. august 2009, 04:29

My grandmother and grandfather came from Jostedal my grandmother (Sigrid Olsdatter Espe) came from the Espe farm (1906), my grandfather(Andreas Lien) from the Haugen farm (1904). My grandmother was one of sixteen I understand. With Elen being second the youngest(1901-1972). So I may have relatives in the Jostedal area. Any help you can give me in locating my grandmother’s relative would be appreciated

Skriv ein kommentar