Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2004 for Jostedal Historielag

Til årsmøtet 16.3.2005.

Styret
Styret har vore slik etter årsmøtet 1.2.2004:
Leiar: Aud Fossøy
Kasserar: Einar Blikra
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Olav Stølen
Styremedlem: Lars Neset
Varamedlemer: Liv Espe og Harald Haugen
Det har vore tre styremøte.

Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Boknemnd: Sigbjørg Sperle og Peder Kjærvik
Ansvarlege for Berget: Liv Espe og Lars Neset
Ansvarleg for Kvernhuset: Alfred Tuften
Ansvarleg for skulehuset: Åne Elgersma

Berget
Det vart gjort mykje arbeid med bygningane i 2003, og me har planlagt å få på ny kledning i 2005. I juni vart arkeologane og andre som var på feltarbeid, bedne på rømmegraut i Berget. I juli skipa historielaget og helselaget til open dag med rømmegraut og omvisning. Veret var flott, og svært mange møtte fram.

Stadnamnprosjektet
Innsamlinga av stadnamn har halde fram (stadnamngruppa legg fram eiga melding). Historielaget har gått saman med Nordisk instiutt (Univ. i Bergen) og Fylkesarkivet i eit spleiselag for å få digitalisert Øystein Frøysadal si stadnamnsamling frå Jostedalen frå sist i 1950-åra. Arbeidet er i gang og vil vere ferdig utpå våren. Prosjektet er kostnadsrekna til kring 50 000 kr, og historielaget sin del er 15 000. Samlinga vil bli tilgjengeleg på Internett, og laget vil få reinskriven kopi.

Arkeologiprosjektet
Hovuddelen av feltarbeidet vart gjennomført sommaren 2004. Ni arkeologar var på feltarbeid tre veker i mai-juni, og nokre av dei kom att ei langhelg i september og ei veke i oktober. Totalt er det teke ut prøver frå ca 50 sjakter på Kruna, Garen, Espe, Åsen og Bergset, attåt nokre gamle ferdslevegar. Kolprøvene er sende til analyse, og dateringar av dei eldste dyrkingslaga, vil liggje føre utpå våren ein gong. Prosjektet har fått mykje omtale i media, og på eit føredrag i Bergen 1. november møtte heile 180 tilhøyrarar. Det er no søkt om tilskot for å halde fram med feltarbeidet i 2005. Dersom søknadene ikkje slår til, kan det vere aktuelt å bruke dei frie disponible midla i prosjektet (ca 40 000) til å analysere fleire av prøvene som vart tekne ut i 2004 (m.a. pollenanalysar) og avslutte prosjektet i denne omgangen.

Klede i Fåberg
Alfred Horpen let etter seg ein del barneklede og kvinnedrakter som er i god stand og har historisk interesse. Sigbjørg og Liv tok dei med på Sogn Folkemuseum og fekk vaska dei. Dei vart utstilte i stabburet i Berge på den opne dagen i juli. Det blir arbeidd med å finne permanent utstillingsplass.

Landslaget for lokalhistorie
Styret har vedteke å melda inn att Jostedal Historielag i landslaget.

Marknaden i juli
Palmar Kjærvik viste gamle filmsnuttar frå Jostedalen. Interessa var svært stor.

Internettsider
Historielaget har hatt eigen nettstad på Internett sidan november 2002, og der har det jamleg vorte lagt ut stoff om soga til dalen. Adressa er www.historielaget.jostedal.no. E-postadressa til laget er historielaget@jostedal.no.

Skriv ein kommentar