Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmelding 2002 for Jostedal Historielag

Til årsmøtet 12.2.2003.

I styret:
Leiar: Sigbjørg Sperle
Nestleiar: Harald Haugen
Kasserar: Einar Blikra
Sekretær: Aud Fossøy
Styremedlem: Lars Neset

Vara: Liv Espe, Astrid Gjerde, Einar Hesjevoll.

Boknemnd: Oddmund Hoel, Peder Kjærvik

Jostedal historielag har hatt 6 styremøter i 2002.

Tur til Avdalen
I mai 2002 var 4 frå styret til Avdalen i Årdal for å sjå korleis årdølene hadde fått liv att i den fråflytta garden. Frå bilveg og opp til Avdalen er det ca. 3 kvarters gange. Det var imponerande å sjå korleis dei hadde restaurert 10-12 hus og laga overnattingsplassar i mange av desse. Midt på sommaren kunne ein få kjøpt varm mat, men det var og kokemulegheiter for dei som ynskte det.
Avdalen vert driven av ei stifting samansett av eigaren og Naturhuset.

Kulturminnedagen
Denne dagen kalla me “Vandring frå skulehus til skulehus”. Me var fyrst innom skulehuset på Sperle, så var det tur etter gamlevegen til krundalsskulehuset i Prestegarden. Her fekk Sjur fortelje om den farefulle skulevegen sin ,og Asbjørg tok oss med til ein” Skuledag i gamle dagar.
Me avslutta dagen i nyeskulen i Krekane med saupgraut og potetkaker. Lærarane hadde laga fin natursti.

Bokutgjeving
Det var fyrste gongen Jostedal historielag har gjeve ut bok så me var svært spente på resultatet. Men boka til Alfred Espe vart svært fin og æra for det får me gje Oddmund. Me hadde boksleppet i gamlestova til Laila. Her samlast det etter kvart over 30 personar så det vart temmeleg fullt i den vesle stova. Men det var fin stemning med bål på peisen. Oddmund greidde ut om innhaldet i boka og det vart delt ut blomster til Hans og Berta sidan hovudpersonen var borte. Sogelaget spanderte kaffi til alle som var innom og det vart selt mange bøker. Boka er utlagt i banken og kiosken i Gaupne og i dei fleste bokhandlarar i Sogn. Salet har hittil gått fing.

Årboka
Årboka har selt relativ dårleg i fleire år, så difor var det ikkje økonomi til å gje ut bok i 2002. Men sidan det skulle vere ein stor artikkel om sanatoriet (Harastølen), var det krefter i gang for å få årboka utgitt likevel. Med lån i banken vart det så gjeve grønt lys for utgjeving. Barneskulane vart oppmoda om å engasjere dei eldste elevane til å selje. I Jostedalen var skulungane særs flinke og oppnådde eit godt resultat. Tusen takk til dei.

Skriv ein kommentar