Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Stor stadnamnsamling frå 1959 har dukka opp (JSA)

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2003.]

I samband med prosjektet ”Den eldste busetnaden i Jostedalen” har me kome i kontakt med Ole-Jørgen Johannessen, fyrsteamanuensis i namnegransking ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Han kan opplyse at instituttet nyleg fann ei stor stadnamnsamling frå Jostedalen då dei rydda i arkivet sitt! Opplysningane er svært interessante, ikkje minst fordi historielaget er i gang med eit nytt stort stadnamnprosjekt.

Innsamlinga vart gjord av Øystein Frøysadal, truleg sommaren 1959, medan han framleis var lærar på Tanks skole i Bergen. Året etter vart Frøysadal tilsett som fyrsteamanuensis i namnegransking ved universitetet, og då har han teke med seg samlinga dit. Men han fekk aldri gjort meir med materialet, og difor vart samlinga liggjande i arkivet til ho no dukka opp att.

Me fekk Johannessen til å ta ein rask kikk på samlinga og gje ei fagleg vurdering rett før Jsa-fristen for å få med dette ny(?)hendet i bladet. Han opplyser at namna er skrivne ned i to kladdeblokker i A5-format, ei på 70 sider og ei på 150 sider. I tillegg finst det kartriss for det meste av dalen der namna er skrivne inn eller markerte med nummer. Underlaget ser ut til å vere nokre gamle telegrafverkkart. Det finst kartriss for 27-28 område, flest gardar, men òg noko utmark.

Det ser ut til at han har vore på kring 20 av dei 26 namnegardane i bygda, men ikkje på alle bruk. Til dømes har han berre vore på bruksnummer 1, 2 og 8 under Åsen. Så det er truleg ein del hol i samlinga, men for tidleg å seie kor mange og store. Likevel er det neppe mykje tvil om at dette er den største og beste stadnamninnsamlinga som er gjort i Jostedalen – eit svært omtrentleg overslag kan tyde på at det er mellom 2500 og 4000 namn i samlinga.

Oppskriftene er gjorde med lita og utydeleg blyantskrift, så materialet er ikkje brukande før fagfolk har fått høve til å handsame det. Vonleg vil me få til dette slik at det kan meldast meir om samlinga i neste Jsa.

Kristen Ormberg skriv i stykket sitt at han har høyrt om ei stadnamninnsamling i 1950-åra. Kanskje kan det vere Frøysadal si, men Johannessen har òg høyrt rykte om at det kan ha vore ei innsamling i åra rett etter krigen eller tidleg i 1950-åra. Så dei som har høyrt om noko slikt, må seie ifrå. Det same gjeld namnelistene frå Myklemyr krins frå 1932. I heile Jostedalen som i resten av landet, samla storskulen inn stadnamn det året, og me veit at elevane på Myklemyr òg gjorde det. Men desse listene er korkje å finna mellom kopiane til Fylkesarkivet eller originalane på Universitetet i Bergen.

Skriv ein kommentar