Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Aktivitetar'

Nansen-Amundsen-markering 25. september

Sigrid Henjum er hovudattraksjonen når Nansen-Amundsen-året vert markert i Jostedalen sundag 25. september. Systrondjenta, busett i Jostedalen, har nettopp gått over Grønland, og ho vil fortelje og syne bilete frå turen. Elles vert det rikhaldige utstillingar av utstyr og demonstrasjon av navigasjonsmetodar som dei gamle polarheltane nytta. Biblioteket har funne fram polarbøkene sine til ei […]

Årsmøte 3. mars

Det er årsmøte i Jostedal historielag torsdag 3. mars kl 19:30 på Jostedal hotell. Vanlege årsmøtesaker. Servering. Steinar Bruheim syner lysbilete frå fjellturar i innland og utland. Vel møtt! Styret

Korpset 35 år

Jostedal skule- og ungdomskorps feira 35(!)-årsjubileet sitt i dag med stort arrangement i samfunnshuset. Over 200 hadde møtt opp den fullstappa storsalen for å ete kake, ta lodd for titusenvis av kroner og ikkje minst: høyre korpset i storform etter øvingshelg med Oddgeir Øren, Rupeungane, Spelemannslaget, dei lokale Gitarkameratane, Jostedalskoret og soloinnslag ved Kine Svori, Ida […]

Kyrkjejubileum 26.-27. juni

Det nærmar seg den store jubileumshelga for kyrkja. Programmet som soknerådet har sendt til alle husstandar, ser slik ut:

Dugnad i Berget 10. juni

Torsdag 10. juni frå klokka 17.00 er det dugnad i Berget. Alle er velkomne, både dei som vil ta eit tak inne eller ute, og dei som berre vil stikke oppom for å sjå på folkelivet. (Merk: Dugnaden vert utsett til 16/6 om veret er dårleg.) Vel møtt!

Årsmøte 10. mars

Det blir årsmøte i Jostedal Historielag på Jostedal Hotell, onsdag 10. mars kl 19.30. Vanlege årsmøtesaker. Erling Bjørnetun orienterer om bruk av database til systematisering og produksjon av slektsrapportar. Enkel servering. Vel møtt! Styret

Vellukka bokslepp!

Kring 50 personar hadde møtt fram på Jostedal hotell sundag 29. november for å få med seg lanseringa av «Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli» av Sverre Fossen. Leiar Olav Stølen i Jostedal historielag leia samkoma, og Sverre Fossen fortalde levande om korleis han hadde vorte interessert i fangstanlegg så langt attende som i 1941. Den […]

Bokslepp: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli av Sverre Fossen

Les meir om boki! Søndag den 29. november kl.15.00 vert det slepp på Jostedal Hotell av boki som Sverre Fossen har ført i penn:  ”Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli” Sverre Fossen vil fortelje om arbeidet med boki og den omfattande registreringa av gamle fangstanlegg i Jostedalsfjelli. Vidare vil fjelloppsynsmann, Einar Fortun og lærar, Einar Ese […]

Stadnamntur sundag 11. oktober

Buss frå Gaupne (Pyramiden) kl 10.00. Påstiging ogso i Husøy ca. kl 10.20. Guide, Kåre Øvregard. Ormbergstøl: Omvising i Kraftstasjonen v/Arne Aasen Hauge. Kaffi og vafler i driftsbygget. Veghistoria for Jostedal v/Per Birger Lomheim. Stadnamnsprosjektet i Luster, orientering v/kultursjef, Erling Bjørnetun. Flaummerke i Fossøygjølet v/Arne Aasen Hauge. Jostedal kyrkje v/ Oddmund L. Hoel. Omvising. Andre […]

Fleire foto frå Hesjevoll-utstillinga

På Bakkebloggen finn ein gode oversynsbilete over utstillinga.