Vellukka bokslepp!
Kring 50 personar hadde møtt fram på Jostedal hotell sundag 29. november for å få med seg lanseringa av «Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli» av Sverre Fossen. Leiar Olav Stølen i Jostedal historielag leia samkoma, og Sverre Fossen fortalde levande om korleis han hadde vorte interessert i fangstanlegg så langt attende som i 1941. Den røynde fjelloppsynsmannen Einar Fortun heldt eit lysbileteføredrag om rein og reinsjakt i fjellområda i Luster, ikkje minst om problema som reinsstamma i området har møtt. Einar Ese fortalde kort om arbeidet for å reetablere ei villreinstamme og appellerte til møtelyden om støtte til dette før han underheldt med hardingfela si.
Etter kaffipausen fortalde landbrukssjef Steinulf Skjerdal i Luster kommune om nasjonalparkane i lys av landbruksnæringa.
Sogn Avis har i dag eit stort oppslag om boka med intervju av Sverre Fossen.
Publisert av Oddmund, 30. november 2009 under Aktivitetar, Fangstanlegg, Media.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar