Årsmelding 2016 for Jostedal historielag
Godkjend på årsmøtet 5.3.2017. Les meir »
Publisert av Oddmund, 6. mars 2017 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Godkjend på årsmøtet 5.3.2017. Les meir »
Publisert av Oddmund, 6. mars 2017 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Det vert årsmøte i Jostedal historielag sundag 5. mars 2017 kl 19.00 på Jostedal hotell.
1. Vanlege årsmøtesaker.
2. Bluefjords A/S, Bluecloud A/S og lagring av bilete og data. Ved Edvin Brun. (Om Bluefjords)
3. Gamle bilete frå Jostedalen. Ved Oddmund Løkensgard Hoel. (Bileta som vart skanna i 2001, ligg no på nett, sjå her.)
4. Lettare servering.
Vel møtt til alle!
Publisert av Oddmund, 18. februar 2017 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
«Luster. Lokalhistorisk årbok» vart lansert i førre veke og er i sal. Det er det 7. heftet og det fyrste sidan 2011. Her er mykje variert stoff for historieinteresserte, frå middelalderætter i Sogn til motorbåten på Veitastrondvatnet og ein namneduk. Årboka er utgjeven av dei tre sogelaga i kommunen i samarbeid med Luster kommune. Sjå oversyn over alle nummer.
Publisert av Oddmund, 13. desember 2016 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Laurdag 17. september vart Fossabrui opna etter vølinga. Jostedal historielag har arbeidd med prosjektet i fleire år, og Kåre Reidar Aasen har gjort arbeidet. Det går inn i eit større arbeid med å setje i stand dei gamle ferdslevegane frå Døsen i Luster over Vigdalen og framover dalen heilt til Viva.
Sjå fleire gode bilete hjå Luster kommune
Publisert av Oddmund, 19. september 2016 i Aktivitetar, Ferdsel.
Kommentarar: ingen
Sundag 12. juni klokka 11.00 er det kulturhistorisk tur Fossen–Dalen–Flaumparken.
Turen startar ved Flaumparken i Fossøygjelet og går gjennom tunnelen til Fossabrui/jettegryter, vidare opp gamle Jostedalsvegen til garden Dalen – over Dalåsen g ned til Flaumparken. Turen tek 2-3 timar, avhengig av pausar og kulturelle innslag. Ta gjerne ein kopp kaffi i sekken.
Tilskipar er Jostedal historielag, og turen er ein del av Norsk Brefestival (sjå program på Jostedal signatur).
Vel møtt!
Publisert av Oddmund, 28. mai 2016 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Vedteken på årsmøtet 23. februar 2016. Les meir »
Publisert av Oddmund, 1. mai 2016 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen
Godkjend på årsmøtet 23.2.2016. Les meir »
Publisert av Oddmund, 1. mai 2016 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Under marknadshelga i Jostedalen 11.-12. juli vil Jostedal historielag presentere stadnamn i Jostedalen og Luster. Det store stadnamnprosjektet som byrja i 2002, er no på det næraste ferdig, og mange av dei registrerte stadnamna i Jostedalen er tilgjengelege på Internett. Interesserte vil gjennom marknadshelga kunne søkje og få rettleiing i bruk av namnetenesta i storsalen i samfunnshuset. Namna kan òg studerast på oppslegne kart.
Klokka 12.30 laurdag 11. juli vil historielaget fortelje om stadnamnprosjektet og opne utstillinga.
Våre nettsider om stadnamn er no oppdaterte og utvida. Her ligg òg rettleiing i bruk av namnebasen. Sjå særleg:
Publisert av Oddmund, 8. juli 2015 i Aktivitetar, Stadnamn.
Kommentarar: ingen
Luster kommune fekk i dag overlevert rapporten med den nye skredfarekartlegginga for kommunen. Jostedalen er fyldig omtala, og rapporten inneheld eit oversyn over dei historiske skredhendingane i dalen. Her er mykje interessant stoff, både om fortidige hendingar og framtidige farar. Rapporten er laga av NGI på oppdrag frå NVE som ein lekk i den nasjonale skredfarekartlegginga. Ansvarleg for rapporten har vore Krister Kristensen i NGI.
Skredfarekartlegging i Luster kommune, NVE-rapport nr. 32, 2015.
Sjå òg våre sider om «Skredulukker». Opplysningane der har danna ein del av grunnlaget for rapporten.
Publisert av Oddmund, 29. juni 2015 i Generell.
Kommentarar: ingen
Vedteken på årsmøtet 18. mars 2015. Les meir »
Publisert av Oddmund, 18. mars 2015 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen