Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Bunadsskatt gjekk med i brannen

Eitt av bunadsliva som gjekk med i brannen

Då Breheimsenteret brann om kvelden 28. juli, gjekk ein del gamle gjenstandar i dei kulturhistoriske utstillingane tapt. Størst historisk verdi hadde nok samlinga med gamle bunadsdelar som var utstilte i kjellaren. I samlinga var det sju bunadsliv, to bringedukar med perlebroderi på silke, ei trøye, eit forkle, eit stølebelte og fire konehuver og barnehuver. Dette var klede etter ekteparet Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter Kruna som flytte frå Jostedalen til Romsdalen i 1853. Oldebarnet Margot Berge gav i 1995 kleda i gåve til Jostedal historielag, og dei har sidan same hausten vore utstilte på Breheimsenteret. Kleda er heldigvis fotograferte og registrerte av Norsk institutt for bunad og folkedrakt ved Valdresmusea. (Sjå katalogen.)

Jostedal historielag hjelpte i 1992-93 òg til med å samle inn ein del gjenstandar og andre klede til utstilingane. Alt dette gjekk tapt i brannen, men me har framleis ikkje detaljert oversyn over kva gjenstandar det var snakk om.

Sjå òg sida om bunadsutstillinga.

Nytt 1600-talsdokument om presteløna har dukka opp

Tøger Jenssons brev 16.3.1664I samband med jubileumsboka om kyrkja (2010) fann me fram til ei rekkje 1600-talsdokument om dei dårlege vilkåra for presten i Jostedalen. No har me vorte kjende med endå eit dokument. I 1660-åra var prestane og futane pålagde å setje opp manntal over alle menn i embetsdistrikta sine. Dette er velkjende og mykje brukte kjelder i slektsforskinga, og nyleg har Arkivverket skanna alle originaldokumenta og publisert dei på nettet. Då viser det seg at jostedalspresten Tøger Jensson ikkje berre sende inn manntalet over jostedølene, men òg hengde på eit brev der han klaga si naud over den låge presteløna i Jostedalen. Brevet og jostedalsmanntalet er datert 16. mars 1664. Brevet er hovudsakleg ein kortversjon av dei lengre klagebreva Tøger sende til øvrigheita i august 1664 og i 1667. Men éi ny opplysning er det her: Tøger nemner «Øffregaarden» som ein øydegard under prestegarden. Dette er kanskje den fyrste gongen Øvregarden er nemnd. Ein har før rekne med at soga til Øvregarden tok til som husmannsplass tidleg på 1700-talet.

Les meir: Avskrift og omtale av brevet 16.3.1664

Arbeidsplan for 2011

Vedteken på årsmøtet 3. mars 2011 Les meir »

Årsmelding 2010 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 3. mars 2011 Les meir »

Bokpris til kyrkjeboka

Jostedal kyrkje 350 år - omslagGrafill hadde torsdag kåringa av «Årets vakreste bøker», og 350-årssoga om Jostedal kyrkje vart vurdert i klassen «Fakta og oppslag/Voksenlitteratur». Formgjevar Torill Henningsen i Blæst design fekk diplom (=delt tredjeplass) for boka, og juryen skriv: «Delikat, gjennomført, påkostet og lekker. Fin avstemming av detaljer, tekst og bilder.»

Me gratulerer!

Årsmøte 3. mars

Det er årsmøte i Jostedal historielag torsdag 3. mars kl 19:30 på Jostedal hotell.

steinar-bruheimVanlege årsmøtesaker.
Servering.

Steinar Bruheim syner lysbilete frå fjellturar i innland og utland.

Vel møtt!
Styret

Kjelder om den vesle istida

Tingbokside 1742Fleire dokument om den vesle istida i Jostedalen er lagde ut dei siste månadene. Viktigast, og nyast, er ei fullstendig avskrift av avtaksforretningane på gardane Ormberg, Åsen, Bergset, Elvekrok og Mjølver i august 1742. Det som gjeld Bergset og Mjølver er velkjent frå før – det er her ein har detaljerte opplysningar om framrykkinga til Tuftebreen og Nigardsbreen. Men dette er fyrste gong ei fullstendig avskrift for alle gardane er publisert. 

Andre viktige dokument er ei sak om øydeleggingane til breane i Bergsetdalen 1684 (publ. for lenge sidan). I februar la me ut eit velkjend dokument om Nigardsbreen i 1735. I september kom det avskrifter av to større og tidlegare så godt som ukjende saker, ei om naudhjelp til Jostedalen i 1743, og ei om skattefritak  for ni bønder i Krundalen, Mjølverdalen og Fåberg 1743.

Mykje av dette er henta frå tingbøkene til sorenskrivaren for Indre Sogn. For to veker sidan la arkivverket ut ALLE norske tingbøker før ca 1800 på nettet. Spesielt interesserte finn tingbøkene for Indre Sogn 1648-1823 her.

Korpset 35 år

Jostedal skule- og ungdomskorps 17 mai 2007Jostedal skule- og ungdomskorps feira 35(!)-årsjubileet sitt i dag med stort arrangement i samfunnshuset. Over 200 hadde møtt opp den fullstappa storsalen for å ete kake, ta lodd for titusenvis av kroner og ikkje minst: høyre korpset i storform etter øvingshelg med Oddgeir Øren, Rupeungane, Spelemannslaget, dei lokale Gitarkameratane, Jostedalskoret og soloinnslag ved Kine Svori, Ida Kristine Sagarøy, Mathilde Skjæret og Sølvi Kvam. Dei to Anders’ane Bjørk og Grov fortalde saman med Asbjørg Ormberg levande om oppstarten av koret i 1974-75. Og Marie Fredheim, dirigent sidan 1984, fekk påskjøning frå korforbundet for den store innsatsen sin. Ikkje eit lodd og ikkje ein kakesmule var att, og Johanne Grov vann 1. premien – pelletsomn gjeven av Bionordic.

Les om Jostedal skule- og ungdomskorps på lokalhistoriewiki.

Kyrkja 350 år i dag

Anders Beer Wilse: Jostedal kyrkje (original hjå Norsk folkemuseum)I den grad det er mogleg å feste kyrkjejubileet til ein dato, må det vere i dag, for me har ikkje datoen for når kyrkja vart innvigd. Då får me bruke ei meir prosaisk hending: Den 2. oktober 1660 var synfaringa der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Verdien av arbeidet vart sett til 216 riksdalar, som prest og kyrkjeombodsmann Tøger Jensson då kunne få utbetalt frå kongen si kasse. Han hadde teke på seg det økonomiske ansvaret for bygginga. Synfaringsdokumentet som vart oppsett den dagen, er ei hovudkjelde til kunnskapen vår om kyrkjebygginga. Biskop Neumann tok det med seg til Bergen då han var på visitas her i 1823. Originalen ligg i Diplomsamlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen, og det kan lesast her.

På den framifrå nettstaden lokalhistoriewiki.no er det no òg ein artikkel om Jostedal kyrkje.

Stoff til JSA?

Arbeidet med årets nummer av Jostedal skule- og bygdeavis er i gang, og redaktør i år som i fjor er Anne Marte Snøtun. Om du alt har skrive noko eller har lyst til å skrive noko, er det berre å kontakte Anne Marte (annemartesnotun (a) yahoo.no). Har du historisk stoff, kan du godt kontakte Oddmund (oddmund (a) krundalen.no). Stoffristen er 20. oktober!