Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Generell'

Utvandring – ny side

Det er no komen ei ny side på nettstaden om den store utvandringa frå Jostedalen.

Skredfarerapport med historiske opplysningar

Luster kommune fekk i dag overlevert rapporten med den nye skredfarekartlegginga for kommunen. Jostedalen er fyldig omtala, og rapporten inneheld eit oversyn over dei historiske skredhendingane i dalen. Her er mykje interessant stoff, både om fortidige hendingar og framtidige farar. Rapporten er laga av NGI på oppdrag frå NVE som ein lekk i den nasjonale […]

200 år sidan det andre valet i Jostedalen

«De Stemmeberettigede valgte Rasmus Hansen Heljegaard til at møde som Repræsentant paa Wigøren i Anledning af et extraordinairt Storthing, som skulde holdes d. 7d October i Christiania.» Dette hende for 200 år sidan i dag, kan kyrkjeboka for Jostedalen fortel oss. 15. sundag etter trinitatis fall i 1814 på 18. september, som var på dagen seks […]

Verka ein lystig auksjon i Kroken inn på vala til riksforsamlinga?

I dag var det 200 år sidan seks bønder i Jostedalen måtte møte på sommartinget til rettslege avhøyr etter at dei var melde av soknepresten for «Uordener». Eit sentralt klagepunkt var at dei ikkje hadde møtt til gudsteneste tredje sundag i advent 1813 etter ein lystig auksjon i Kroken dagen før. To av dei var […]

Artikkel om krisetiltaka i 1740-åra

Fyrste nummeret i år av tidsskriftet Heimen kom nyleg ut, og der står artikkelen «Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43». Han byggjer på føredraget på årsmøtet i Jostedal historielag i fjor. Artikkelen ligg ikkje på nettet, men nærare omtale og peikar til kjeldene ligg her.  

Bunadsutstillinga på nettet

I 1995 fekk Jostedal historielag ei gamal samling med oppunder 50 bunadsdeler i gåve. Dei var utstilte på Breheimsenteret og gjekk tapt i brannen sommaren 2011. Heldigvis hadde Norsk institutt for bunad og folkedrakt ved Valdresmusea dokumentert kleda på kartotekkort og teke ei rekkje bilete. Historielaget har skanna katalogkorta, og dei er no tilgjengelege her på […]

Historiestoffet i JSA 2012

Årets JSA er på veg ut i dei mange hundre heimar, og som vanleg er det mykje historisk stoff innimellom alt det andre. Me nemner: Jubileumsfeiring for Jostedal Helselag (s. 20-22), av lagsstyret – om 90-årsjubileet i 2012 med eit historisk tilbakeblikk Kulturkveld i Berget (s. 48), av Olav Stølen – om barsokfeiringa 5. september […]

Føredrag om Jostedal sparebank

Høgskulen i Sogn og Fjordane skipa 10. mai til eit seminar om «Nynorsk finans». Morten Søberg, statssekretær i Finansdepartementet, heldt der eit føredrag det han gjekk mykje inn på Jostedal sparebank. Det er no lagt ut på nettsidene til Finansdepartementet. Les føredraget: Dødvinklar i den nynorske offentlegheita: Fjærland privatbank og Jostedal sparebank Sjå også: Jostedal sparebank […]

Berget – kulturhistorisk registrering

I silande regn den 9. juni i år køyrer Harald Haugen og eg til Berget. Me er tidleg ute og vil sjå over husi og tunet, slik at alt er i orden, før gjestene kjem. Så lettar veret, me kastar regnkledi og står på dørhella, på 500 moh., og tek i mot.

Bunadsskatt gjekk med i brannen

Då Breheimsenteret brann om kvelden 28. juli, gjekk ein del gamle gjenstandar i dei kulturhistoriske utstillingane tapt. Størst historisk verdi hadde nok samlinga med gamle bunadsdelar som var utstilte i kjellaren. I samlinga var det sju bunadsliv, to bringedukar med perlebroderi på silke, ei trøye, eit forkle, eit stølebelte og fire konehuver og barnehuver. Dette […]