Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Aktivitetar'

Tur 12. juni: Fossen–Dalen–Flaumparken

Sundag 12. juni klokka 11.00 er det kulturhistorisk tur Fossen–Dalen–Flaumparken. Turen startar ved Flaumparken i Fossøygjelet og går gjennom tunnelen til Fossabrui/jettegryter, vidare opp gamle Jostedalsvegen til garden Dalen – over Dalåsen g ned til Flaumparken. Turen tek 2-3 timar, avhengig av pausar og kulturelle innslag. Ta gjerne ein kopp kaffi i sekken. Tilskipar er […]

Presentasjon av stadnamn under marknadshelga

Under marknadshelga i Jostedalen 11.-12. juli vil Jostedal historielag presentere stadnamn i Jostedalen og Luster. Det store stadnamnprosjektet som byrja i 2002, er no på det næraste ferdig, og mange av dei registrerte stadnamna i Jostedalen er tilgjengelege på Internett. Interesserte vil gjennom marknadshelga kunne søkje og få rettleiing i bruk av namnetenesta i storsalen […]

Årsmøte 18. mars

Det vert årsmøte i Jostedal historielag onsdag 18. mars 2015 kl 19.30 på Jostedal hotell. Saker 1. Vanlege årsmøtesaker 2. Stadnamna frå Jostedalen er no publiserte på nettstaden til Fylkesarkivet. Orientering og demonstrasjon ved Kristen Ormberg og Olav Stølen i stadnamnnemndi. 3. Servering Vel møtt! Styret [Tidlegare årsmøte]

Tur Åsen-Bruheim 25/9

Historielaget ber inn til fottur torsdag 25. september klokka 17.00. Me går frå Gjellhola i Åsavegen og framover den gamle ferdslevegen til Bruheim. Turleiar er Lise Aasen. Det er parkering i «Nesasvingen» litt lenger nede og også langs vegen. Vel møtt til alle!

Grunnlovskveld 12. juni

Torsdag 12. juni kl 18 markerer me grunnlovsjubileet med ei tilstelling i Berget i Fåberg. Program 18:00. Samling ved Storekloppi (Vegskjelet til Fåberg/Styggevatnet ). Herfrå fin fottur opp til Berget med kjent person. 18:45. Velkomst song v/ Asbjørg Ormberg og servering av nykokt kaffi. 19:00. 1814 i Jostedalen: val til Eidsvoll, ein auksjon i Kroken og […]

17. mai i Jostedalen 200 år etter 1814

I dag har Jostedalen og Noreg feira 200-årsdagen for Grunnlova og det nasjonale sjølvstendet. I føremiddag avduka soknerådsleiar Arne Aasen Hauge og sokneprest Geir Paulsen eit skilt som fortalde at Jostedal kyrkje var valkyrkje i 1814. Valet føregjekk under den offisielle bededagen som skulle haldast i alle kyrkjer, og som vart halden i Jostedalen og […]

Jubileumstilstelling for Sjur Hesjevoll 22. mars

I år er det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll vart fødd. Laurdag 22. mars klokka 19.00 blir dette markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus. Les meir hjå Jostedal spel- og dansarlag Om Sjur Hesjevoll-utstillinga 2009

Årsmøte 6. mars

Det vert årsmøte i Jostedal historielag torsdag 6. mars 2014 kl 19.30 på Jostedal hotell. Saker 1. Vanlege årsmøtesaker 2. Orientering om nye gateadresser i Jostedalen 3. Servering Vel møtt! Styret

Ivar Aasen-kveld 19. september

Torsdag 19. september er det Ivar Aasen-kveld i skulehuset i Prestegarden. Kl 17.00 Frammøte og lite dugnadsarbeid Kl 19.00 Program, allsong og kaffi I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 2013 er det nasjonale Språkåret. Det markerer me med ein kveld der Oddmund Hoel vil fortelje kort om Ivar Aasen […]

Tur til Vigdalen 9. juni

Sundag 9. juni skipar Jostedal historielag til tur frå Ormbergstølen opp den gamle ferdslevegen til Vigdalen. Her måtte også finare folk reise i eldre tid for å kome seg til Jostedalen, mellom anna Johan Nordahl Brun, den fyrste biskopen som visiterte i Jostedalen. «Her er jammerlig stygt», slo han fast i 1806. Med Kristen Ormberg […]