Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmøte 15. mars – tema: turstiar i Jostedalen

Det blir årsmøte i Jostedal historielag torsdag 15. mars kl 19.30 på Jostedal hotell.

Tema: Turstiar i Jostedalen

Olav Stølen frå Jostedal historielag og Aud Fossøy og Arne Tuften frå Jostedal bygdelag orienterer om arbeidet som er gjort dei siste åra med å leggje til rette turstiar og planane laga har.

Vanlege årsmøtesaker.

Enkel servering. Gratis. Både medlemer og andre interesserte er velkomne.

Vel møtt!

Kulturhistorisk tur i Mjølvergrendi 5. september

Bli med på kulturhistorisk tur i Mjølvergrendi med Jostedal Historielag.

Tid: Tysdag 5. september kl.17.

Turen startar ved Kverni på Nigardsgrandane og går opp Mjølvergrendi til Li og vidare fram til Leteigen.

Kjentfolk er Solveig og Sverre Tvedt, og dei vil fortelje mykje historie, mellom anna om jordbruket i gamle dagar.

Ver kledd for ver og vind og ta gjerne med lite niste og kaffi.

Med helsing
Styret i Jostedal Historielag

Utvandring – ny side

Det er no komen ei ny side på nettstaden om den store utvandringa frå Jostedalen.

Arbeidsplan for 2017

Vedteken på årsmøtet 5. mars 2017. Les meir »

Årsmelding 2016 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 5.3.2017. Les meir »

Årsmøte 5. mars

Det vert årsmøte i Jostedal historielag sundag 5. mars 2017 kl 19.00 på Jostedal hotell.

1. Vanlege årsmøtesaker.

2. Bluefjords A/S, Bluecloud A/S og lagring av  bilete og data. Ved Edvin Brun. (Om Bluefjords)

3. Gamle bilete frå Jostedalen. Ved Oddmund Løkensgard Hoel. (Bileta som vart skanna i 2001, ligg no på nett, sjå her.)

4. Lettare servering.

Vel møtt til alle!

Nytt hefte av lokalhistorisk årbok i sal

«Luster. Lokalhistorisk årbok» vart lansert i førre veke og er i sal. Det er det 7. heftet og det fyrste sidan 2011. Her er mykje variert stoff for historieinteresserte, frå middelalderætter i Sogn til motorbåten på Veitastrondvatnet og ein namneduk. Årboka er utgjeven av dei tre sogelaga i kommunen i samarbeid med Luster kommune. Sjå oversyn over alle nummer.

framsideinnhald

Fossabrui opna

opning-fossabrui

Svein Vigdal, Erling Bjørnetun og Sigbjørn Aasen. (Foto: Luster kommune)

Laurdag 17. september vart Fossabrui opna etter vølinga. Jostedal historielag har  arbeidd med prosjektet i fleire år, og Kåre Reidar Aasen har gjort arbeidet. Det går inn i eit større arbeid med å setje i stand dei gamle ferdslevegane frå Døsen i Luster over Vigdalen og framover dalen heilt til Viva.

Sjå fleire gode bilete hjå Luster kommune

 

Tur 12. juni: Fossen–Dalen–Flaumparken

510px-FossenSundag 12. juni klokka 11.00 er det kulturhistorisk tur Fossen–Dalen–Flaumparken.

Turen startar ved Flaumparken i Fossøygjelet og går gjennom tunnelen til Fossabrui/jettegryter, vidare opp gamle Jostedalsvegen til garden Dalen – over Dalåsen g ned til Flaumparken. Turen tek 2-3 timar, avhengig av pausar og kulturelle innslag. Ta gjerne ein kopp kaffi i sekken.

Tilskipar er Jostedal historielag, og turen er ein del av Norsk Brefestival (sjå program på Jostedal signatur).

Vel møtt!

Arbeidsplan for 2016

Vedteken på årsmøtet 23. februar 2016. Les meir »