Årsmelding 2015 for Jostedal historielag
Godkjend på årsmøtet 23.2.2016. Les meir »
Publisert av Oddmund, 1. mai 2016 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Godkjend på årsmøtet 23.2.2016. Les meir »
Publisert av Oddmund, 1. mai 2016 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Under marknadshelga i Jostedalen 11.-12. juli vil Jostedal historielag presentere stadnamn i Jostedalen og Luster. Det store stadnamnprosjektet som byrja i 2002, er no på det næraste ferdig, og mange av dei registrerte stadnamna i Jostedalen er tilgjengelege på Internett. Interesserte vil gjennom marknadshelga kunne søkje og få rettleiing i bruk av namnetenesta i storsalen i samfunnshuset. Namna kan òg studerast på oppslegne kart.
Klokka 12.30 laurdag 11. juli vil historielaget fortelje om stadnamnprosjektet og opne utstillinga.
Våre nettsider om stadnamn er no oppdaterte og utvida. Her ligg òg rettleiing i bruk av namnebasen. Sjå særleg:
Publisert av Oddmund, 8. juli 2015 i Aktivitetar, Stadnamn.
Kommentarar: ingen
Luster kommune fekk i dag overlevert rapporten med den nye skredfarekartlegginga for kommunen. Jostedalen er fyldig omtala, og rapporten inneheld eit oversyn over dei historiske skredhendingane i dalen. Her er mykje interessant stoff, både om fortidige hendingar og framtidige farar. Rapporten er laga av NGI på oppdrag frå NVE som ein lekk i den nasjonale skredfarekartlegginga. Ansvarleg for rapporten har vore Krister Kristensen i NGI.
Skredfarekartlegging i Luster kommune, NVE-rapport nr. 32, 2015.
Sjå òg våre sider om «Skredulukker». Opplysningane der har danna ein del av grunnlaget for rapporten.
Publisert av Oddmund, 29. juni 2015 i Generell.
Kommentarar: ingen
Vedteken på årsmøtet 18. mars 2015. Les meir »
Publisert av Oddmund, 18. mars 2015 i Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen
Godkjend på årsmøtet 18.3.2015. Les meir »
Publisert av Oddmund, 18. mars 2015 i Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Det vert årsmøte i Jostedal historielag onsdag 18. mars 2015 kl 19.30 på Jostedal hotell.
Saker
1. Vanlege årsmøtesaker
2. Stadnamna frå Jostedalen er no publiserte på nettstaden til Fylkesarkivet. Orientering og demonstrasjon ved Kristen Ormberg og Olav Stølen i stadnamnnemndi.
3. Servering
Vel møtt!
Styret
Publisert av Oddmund, 24. februar 2015 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
I dag er det 100 år sidan Sperle rikstelefonstasjon opna, som den fyrste i Jostedalen. 13. november 1914 kunne jostedølene for fyrste gong kome i kontakt med omverda raskare enn den tida det tok å sende eit brev med hesteskyss.
Under den nye sida Telekommunikasjon ligg no stoff om den 20 år lange kampen som jostedølene måtte føre for å få telefon. Mellom anna kan ein lese oppropet frå 1913 då 344 menn og kvinner i Jostedalen kravde at Stortinget løyvde pengar til telefonline.
Publisert av Oddmund, 13. november 2014 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Personlistene i folketeljingane er særs viktige kjelder for dei som driv med slektsgransking og elles er ute etter historisk personinformasjon. Frå før ligg fleire folketeljingar på nettet, og no er det kome to til.
I folketeljinga for 1815 sende prestane berre inn summeringar, ikkje namnelister, men for somme prestegjeld finst likevel namnelister. Historikar Hilde Jåstad oppdaga i fjor at det faktisk finst namnelister for Jostedalen i Riksarkivet. Dei har me no lagt ut (skanna original).
Arkivverket har ei stund arbeidd med å leggje ut folketeljinga for 1891 i Digitalarkivet. No er heile Sogn og Fjordane klar, og her finn ein dei originale handskrivne teljingslistene og personsetlane for Jostedalen (skanna original).
Sjå òg fleire manntal og folketeljingar for Jostedalen.
Publisert av Oddmund, 20. oktober 2014 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Historielaget ber inn til fottur torsdag 25. september klokka 17.00. Me går frå Gjellhola i Åsavegen og framover den gamle ferdslevegen til Bruheim. Turleiar er Lise Aasen. Det er parkering i «Nesasvingen» litt lenger nede og også langs vegen.
Vel møtt til alle!
Publisert av Oddmund, 19. september 2014 i Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
«De Stemmeberettigede valgte Rasmus Hansen Heljegaard til at møde som Repræsentant paa Wigøren i Anledning af et extraordinairt Storthing, som skulde holdes d. 7d October i Christiania.»
Dette hende for 200 år sidan i dag, kan kyrkjeboka for Jostedalen fortel oss. 15. sundag etter trinitatis fall i 1814 på 18. september, som var på dagen seks månader etter valet til riksforsamlinga i Jostedalen. Sokneprest Holger Halling Schjødt introduserte same sundagen Brita Baggetun og Gunilde Ormberg etter barsel og hadde ei jordpåkasting.
Gardbrukaren Rasmus Heljegarden var 27 år og den nest yngste av dei tolv fyrste jostedølene som skaffa seg røysterett. Det skjedde då dei svor eid til grunnlova på bygdetinget for Luster og Jostedalen i Dale åtte dagar før. Rasmus møtte på valtinget for Nordre Bergenhus amt i Vik 23. september som representant for Jostedal prestegjeld. Der vart dei fire stortingsrepresentantane for fylket valde. Mellom dei fire var gardbrukaren og haugianaren Torgeir Næss frå Luster.
Våren 1814 hadde brørne Tøger Kruna og Rasmus Fåberg representert Jostedalen på amtsmøtet som valde utsendingane til riksforsamlinga på Eidsvoll. Det går ikkje fram av kjeldene kvifor nettopp Rasmus vart vald 18. september.
Kong Kristian Fredrik måtte skrive ut ut val til det ekstraordinære Stortinget etter at Noreg hadde tapt krigen mot Sverige sommaren 1814. Stortinget som kom saman, valde svenskekongen Karl Johan til norsk konge og vedtok å gå i union med Sverige.
Meir om 1814 i Jostedalen:
Publisert av Oddmund, 18. september 2014 i Generell.
Kommentarar: ingen