Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Verka ein lystig auksjon i Kroken inn på vala til riksforsamlinga?

Sak om uordener i Kroken 1814I dag var det 200 år sidan seks bønder i Jostedalen måtte møte på sommartinget til rettslege avhøyr etter at dei var melde av soknepresten for «Uordener». Eit sentralt klagepunkt var at dei ikkje hadde møtt til gudsteneste tredje sundag i advent 1813 etter ein lystig auksjon i Kroken dagen før. To av dei var brørne Rasmus Larsen Fåberg og Tøger Larsen som vart valde til utsendingar 18. mars 1814 i samband med valet til riksforsamlinga.

Saka er kanskje ein del av forklaringa på kvifor desse to og ikkje presten og hans næraste menn vart valde. Les meir om saka.

Ho er òg omtala i ein artikkel i den nye boka Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark.

Grunnlovskveld 12. juni

BergetTorsdag 12. juni kl 18 markerer me grunnlovsjubileet med ei tilstelling i Berget i Fåberg.

Program
18:00. Samling ved Storekloppi (Vegskjelet til Fåberg/Styggevatnet ). Herfrå fin fottur opp til Berget med kjent person.
18:45. Velkomst song v/ Asbjørg Ormberg og servering av nykokt kaffi.
19:00. 1814 i Jostedalen: val til Eidsvoll, ein auksjon i Kroken og ein oppfarande prest. V/ Oddmund Løkensgard Hoel.
19:30. Kva vart det av Christian Frederik? V/ Olav Stølen.
19:45. Svall over nysteikte hellekaker med kaffi til.
20:30. Omvising i Berget og planar for vedlikehald /restaurering. V/ Einar Blikra.
21:30–22:00. Asbjørg Ormberg syng oss vel på heimvegen.

Vel møtt til alle!

Arrangørar: Jostedal Historielag, Jostedal Helselag, Folkeakedemiet i Luster og Luster Bibliotek

17. mai i Jostedalen 200 år etter 1814

17-mai avduking skiltI dag har Jostedalen og Noreg feira 200-årsdagen for Grunnlova og det nasjonale sjølvstendet. I føremiddag avduka soknerådsleiar Arne Aasen Hauge og sokneprest Geir Paulsen eit skilt som fortalde at Jostedal kyrkje var valkyrkje i 1814.

Valet føregjekk under den offisielle bededagen som skulle haldast i alle kyrkjer, og som vart halden i Jostedalen og dei andre kyrkjene i Sogn og Fjordane fredag 18. mars 1814. To jostedøler vart valde for å representere prestegjeldet på distriktsmøtet i Vik 30. mars der fylket skulle velje tre representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Dei to representantane frå Jostedalen var brørne Tøger Kruna og Rasmus Fåberg, søner av gamlelensmann Lars Snøtun. Den danske soknepresten Holger Halling Schjødt leia bededagen og avla truskapseiden til fedrelandet i lag med den frammøtte allmugen i kyrkja.

Etter valet vart det sett opp eit dokument som stadfeste at Tøger og Rasmus vart valde, og som uttrykte takk og støtte til Kristian Fredrik for arbeidet med å verje fedrelandet mot «det svenske åk». Kopi av den originale fullmakta heng i Jostedal kyrkje.

Les meir om:

 

 

 

Jubileumstilstelling for Sjur Hesjevoll 22. mars

Sjur+HesjevollI år er det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll vart fødd. Laurdag 22. mars klokka 19.00 blir dette markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus.

Les meir hjå Jostedal spel- og dansarlag

Om Sjur Hesjevoll-utstillinga 2009

Arbeidsplan for 2014

Vedteken på årsmøtet 6. mars 2014. Les meir »

Årsmelding 2013 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 6.3.2014.

[Årsmeldinga i pdf] Les meir »

Årsmøte 6. mars

Det vert årsmøte i Jostedal historielag torsdag 6. mars 2014 kl 19.30 på Jostedal hotell.

Saker

1. Vanlege årsmøtesaker

2. Orientering om nye gateadresser i Jostedalen

3. Servering

Vel møtt!

Styret

Stykke om Jostedalen frå 1942

Hesjevoll-1942Under Topografiske skildringar ligg det no eit stykke frå 1942, «Jostedalen – fjellbygdi ved den store glitrande isbreden». Det stod i Nynorsk vekeblad og er skrive av læraren Hallvard Hesjevoll. Her heiter det mellom anna:

«Jostedølene er heimkjære og hjelpsame, og strevar trutt for tilværet. Dei dyrkar jordi, og «piner korn» or ei mager mold. Men bygdi hev lege avstengd, og gjer det i nokon mun endå. og det hev ikkje alltid vore greidt å få det til å gå framyver.»

Les heile stykket, som me har fått tilsendt frå Knut Åge Teigen i Gaupne.

Ivar Aasen-kveld 19. september

Ivar AasenTorsdag 19. september er det Ivar Aasen-kveld i skulehuset i Prestegarden.

Kl 17.00 Frammøte og lite dugnadsarbeid
Kl 19.00 Program, allsong og kaffi

I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 2013 er det nasjonale Språkåret. Det markerer me med ein kveld der Oddmund Hoel vil fortelje kort om Ivar Aasen før Olav Grov leiar allsong med eit utval av dei gamle kjende songane av Aasen og andre store nynorsk-diktarar.

For dei som har høve, er det ein liten dugnad før programmet der det skal lagast nokre sitjeplassar rundt skulehuset, ryddast på tomten og gjerast anna småarbeid.

Vel møtt!

Stoff om flaumane

Flaumminnet i FossøyaneI dag er den store flaumdagen (15. august 1898 og 1979), og i sommar har det kome vatn i fontena på flaumminnesmerket i Fossøyane. Meir stoff om flaumane i Jostedalen ligg no ute på nettsida. Ein kan lese om ein lite kjend storflaum i 1741 (som ikkje kan ha vore lenge før 15. august!), og det er lagt ut nye omtaler av flaumane i 1898 og 1979.

Ein kan òg lese fleire kjelder om 1898-flaumen. Ei av dei er skildringa til sokneprest Børresen som var skriven berre to dagar etter flaumen (lagt ut før). Ei ny side fortel om bygging av flaumverk etter 1899, og her finn ein både ein søknad frå oppsitjarane og vedtaket 16. mars 1899 der kommunestyret for fyrste gong støtta bygging av flaumverk.