Årsmelding 2014 for Jostedal historielag
Godkjend på årsmøtet 18.3.2015.
Årsmøtet vart halde den 6. mars 2014, på Jostedal Hotell.
Val. Einar Blikra, Lars Neset og Olav Stølen var på val og tok attval for 2 nye år i styret, og Olav Stølen i eitt år som leiar. Harald Haugen ynskte å tre ut styret, som varamann og i tilsynet med Berget, i staden vart Arne Aasen Hauge vald.
Styret og nemnder etter valet:
Leiar: Olav Stølen
Kasserar: Aud Fossøy
Sekretær: Oddmund L. Hoel
Styremedlem: Einar Blikra
Styremedlem: Lars Neset
Varamedlemer: Arne Aasen Hauge og Liv Espe
Valnemnd: Kristen Ormberg og Åne Elgersma
Revisor: Gunnar Ruud
Tilsyn med Berget: Liv Espe, Einar Blikra, Lars Neset og Arne Aasen Hauge
Tilsyn med Kverni: Alfred Tuften og Olav Stølen
Tilsyn med Skulehuset: Åne Elgersma
Boknemnd: Kristen Ormberg og Olav Stølen
Berget.
På årsmøtet 2014 orienterte leiaren om planen (med økonomisk overslag) for restaurering av Berget som Geirr Vetti har utarbeidd på oppdrag frå historielaget. Det er no 14 år att av leigeavtala mellom historielaget og eigarar av Berget. Det er for kort tid med omsyn til å søkje midlar til ei omfattande restaurering. Historielaget er difor i samtale med eigarane om ei meir langsiktig ordning, eventuelt ei stifting. Desse samtalane er ikkje avslutta.
Markering av Grunnlovsjubileet vart halden i Berget den 12. juni. Det var rydda og pussa fint opp rundt husa og inne i storstova. Asbjørg Ormberg og Peder Fossøy sytte for vakker musikk og song kvelden igjennom, og ikkje bere for song, men også til dans. Så fortalde Oddmund Løkensgard Hoel om val av valmenn frå Jostedalen og om ein styggsint prest som ikkje vart vald! Kaffi og nysteikte hellekaker smakte serdeles godt. Og så snakka Olav Stølen om den smukke danske prins; Christian Frederik, som kom til Noreg og var hovudmannen på Eidsvoll i april- mai dagane i 1814. Den 17. mai vart han vald til Noregs Konge. Dessverre vart det berre ei kort tid han fekk regjere, for ut på hauste 1814 måtte han gje seg for svenskane og reise tilbake til Danmark.
Bunadsskatten. På oppdrag frå historielaget har Kjellrun Elvekrok restaurert stølene til bunadsbeltet som vart funne på branntomta til Breheimsenteret. Utruleg nok manglar berre éi av stølene.
Stadnamnprosjektet. Dei tre sogelagi i kommunen har hatt svært godt samarbeid med Fylkesarkivet med sikte på å digitalisera og kartfeste registrerte stadnamn. For å få ei oppsummering og gje ei tilbakemelding til alle dei som har lagt arbeid i dette store prosjektet, vart det 11. februar halde eit fellesmøte på Rådhuset. Her fekk 45 deltakarar eit godt innblikk i arbeidet. Randi Melvær, Fylkesarkivet og Jo Tor Kristoffersen, Fylkesatlaset viste korleis ein nå kan gå inn på PC-en og plukke fram stadnamn og orientere seg på kartet. Randi Melvær opplyste at om lag 20 000 namn er registrerte i Luster Kommune og at ca. halvparten er digitaliserte og kartfesta. Mei om møtet kjem i neste Lustranytt.
Stadnamna finn ein på http://www.fylkesarkiv.no. Knip det med å orientere seg på nettet, kan ein ringje til Randi Melvær/Fylkesarkivet for hjelp på telefon: 5765 6400.
Nye adresser i Kommunen. Kommunen er, etter pålegg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i gang med å innføre nye digitale adresser, og då må vegane namnsetjast. Kristen Ormberg og Olav Stølen har teke del i dette arbeid. Materialet har vore ute til høyring.
Stønad i 2014. Laget har fått stønad frå Luster Sparebank (20.000,– kr), frå Luster Kommune (5000,– kr) og frå SMIL-midlar (78,500,– kr). JH er svært takksam for denne rause stønad.
Eigen nettstad. Heimesida til Jostedal Historielag (Oddmund L. Hoel er redaktør) finn ein på: https://www.historielaget.jostedal.no
Publisert av Oddmund, 18. mars 2015 under Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar