Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Lars Kronen: Indtryk og minder (1923)

Lars T. KronenLars Kronen, odelsgut på Kruna, drog i 1894 til Amerika og kom seinare borti mykje rart på ferdene sine rundt i verda.

No kan heile boka lesast på nettet.

Håvard Kastet på Fylkesarkivet skreiv i sommar ei omtale av Kronen og den friske minneboka hans. 

Backpakkar frå Jostedalen anno 1894 (Fylkesarkivet, juli 2009)

Brevegen AS

Brevegen AS opna vegen inn til Nigardsbrevatnet i 1958. No har selskapet og vegen fått ein eigen artikkel i Fylkesarkivet sitt Kulturhistorisk leksikon, skriven av Hermund Kleppa. Flott! Les artikkelen

På jakt etter mellomalderkyrkja

Stig Nordrumshaugen og Kristen OrmbergDei fyrste resultata frå synfaringane til Riksantikvaren i kyrkja i år står i eit intervju med Stig Nordrumshaugen i Jostedal skule- og bygdeavis 2009. Intervjuet kan også lesast her.

Vellukka bokslepp!

Sverre Fossen med boka siKring 50 personar hadde møtt fram på Jostedal hotell sundag 29. november for å få med seg lanseringa av «Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli» av Sverre Fossen. Leiar Olav Stølen i Jostedal historielag leia samkoma, og Sverre Fossen fortalde levande om korleis han hadde vorte interessert i fangstanlegg så langt attende som i 1941. Den røynde fjelloppsynsmannen Einar Fortun heldt eit lysbileteføredrag om rein og reinsjakt i fjellområda i Luster, ikkje minst om problema som reinsstamma i området har møtt. Einar Ese fortalde kort om arbeidet for å reetablere ei villreinstamme og appellerte til møtelyden om støtte til dette før han underheldt med hardingfela si.

Etter kaffipausen fortalde landbrukssjef Steinulf Skjerdal i Luster kommune om nasjonalparkane i lys av landbruksnæringa.

Sogn Avis har i dag eit stort oppslag om boka med intervju av Sverre Fossen.

Bokslepp: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli av Sverre Fossen

Sverre Fossen: Rein og reinsjakt i jostedalsfjelliLes meir om boki!

Søndag den 29. november kl.15.00 vert det slepp på
Jostedal Hotell av boki som Sverre Fossen har ført i penn: 

”Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”

Sverre Fossen vil fortelje om arbeidet med boki og den omfattande registreringa av gamle fangstanlegg i Jostedalsfjelli.

Vidare vil fjelloppsynsmann, Einar Fortun og lærar, Einar Ese orientere om planar for å få opp att ein reinstamme i fjelli våre.

Jordbrukssjef, Steinulf Skjerdal vil snakke om lover og rettar i Nasjonalparken sett ut frå jordbruksnæringa.

Kultursjef, Erling Bjørnetun: Kulturminner i fjellet.

Kaffi og lettare servering.

Arr: Jostedal Historielag

pdf.gifPlakat for boksleppet (pdf-format)

Stadnamntur sundag 11. oktober

Buss frå Gaupne (Pyramiden) kl 10.00.
Påstiging ogso i Husøy ca. kl 10.20.
Guide, Kåre Øvregard.

Ormbergstøl:
Omvising i Kraftstasjonen v/Arne Aasen Hauge.
Kaffi og vafler i driftsbygget.
Veghistoria for Jostedal v/Per Birger Lomheim.
Stadnamnsprosjektet i Luster, orientering v/kultursjef, Erling Bjørnetun.

Flaummerke i Fossøygjølet v/Arne Aasen Hauge.
Jostedal kyrkje v/ Oddmund L. Hoel. Omvising.
Andre innslag og soger etterkvart som me køyrer oppover til Fåberg.

Middag på Jostedal Hotell kl 16.30 (Her betalar kvar og ein for seg sjølv).

Påmelding til Aud Fossøy innan
fredag, 9.oktober.
Tlf.  917 76626.

Turen er ei markering av Kulturminneåret 2009.

Arr: Jostedal Historielag og Stadnamnsgruppa.

pdf.gif

Plakat i pdf-format

Justedalens kortelige Beskrivelse i ny digital utgåve

Jostedalsskildringa til Matthias Foss (skrive 1750) er no tilgjengeleg i fulltekst i to utgåver. Ei avskrift av den prenta versjonen frå 1802 avløyser avskrifta som har lege ute på nettstaden sidan 2002. Heilt ny er ei skanna utgåve av den fyrste prenta versjonen slik han stod i Magazin for Danmark og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse (1802).

30 år sidan storflaumen

Fredag-laurdag 14.-15. august var det 30 år sidan storflaumen herja Jostedalen i 1979. Vestlandsrevyen laga eit fint innslag fredag med opptak frå 1979.

Sjå òg sida om Flaumar

Fleire foto frå Hesjevoll-utstillinga

På Bakkebloggen finn ein gode oversynsbilete over utstillinga.

Åbotsforretningar over Jostedal prestegard 1808 og 1813

Åbotsforretning Jostedal prestegard 1813Prestegardane følgde presteembetet og var ein del av inntektsgrunnlaget for presten attåt å vere tenestebustad. Det var såleis viktig for prestane som kom etter at prestegardane var haldne ved like og ikkje hadde forfalle. Ved prestebyta vart det halde åbotsforretning (takst) på bygningane som prest etter prest skulle vedlikehalde, og her vart det sett ein erstatningssum som den avgåtte presten måtte betale den nye for dårleg vedlikehald.

Dette er ei av dei viktigaste kjeldene ein har til kva bygningar som fanst på gardane før i tida. I arkivet ligg det éi åbotsforretning, frå juli 1813, som òg er eit av dei eldste dokumenta i prestearkivet. Der er dessutan innteke fullstendig avskrift av ei åbotsforretning frå 1808.

Dokumenta er digitaliserte av statsarkivet og er no tilgjengelege både i skanna versjon og avskrift.