200 år sidan det andre valet i Jostedalen
«De Stemmeberettigede valgte Rasmus Hansen Heljegaard til at møde som Repræsentant paa Wigøren i Anledning af et extraordinairt Storthing, som skulde holdes d. 7d October i Christiania.»
Dette hende for 200 år sidan i dag, kan kyrkjeboka for Jostedalen fortel oss. 15. sundag etter trinitatis fall i 1814 på 18. september, som var på dagen seks månader etter valet til riksforsamlinga i Jostedalen. Sokneprest Holger Halling Schjødt introduserte same sundagen Brita Baggetun og Gunilde Ormberg etter barsel og hadde ei jordpåkasting.
Gardbrukaren Rasmus Heljegarden var 27 år og den nest yngste av dei tolv fyrste jostedølene som skaffa seg røysterett. Det skjedde då dei svor eid til grunnlova på bygdetinget for Luster og Jostedalen i Dale åtte dagar før. Rasmus møtte på valtinget for Nordre Bergenhus amt i Vik 23. september som representant for Jostedal prestegjeld. Der vart dei fire stortingsrepresentantane for fylket valde. Mellom dei fire var gardbrukaren og haugianaren Torgeir Næss frå Luster.
Våren 1814 hadde brørne Tøger Kruna og Rasmus Fåberg representert Jostedalen på amtsmøtet som valde utsendingane til riksforsamlinga på Eidsvoll. Det går ikkje fram av kjeldene kvifor nettopp Rasmus vart vald 18. september.
Kong Kristian Fredrik måtte skrive ut ut val til det ekstraordinære Stortinget etter at Noreg hadde tapt krigen mot Sverige sommaren 1814. Stortinget som kom saman, valde svenskekongen Karl Johan til norsk konge og vedtok å gå i union med Sverige.
Meir om 1814 i Jostedalen:
Publisert av Oddmund, 18. september 2014 under Generell.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar