Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Fangstanlegg'

Fangstanlegg i Kulturminnesøk

I den nasjonale kartbaserte tenesta Kulturminnesøk finn ein no ei lang rekkje fangstanlegg. Einar Ese har registrert mange anlegg som Sverre Fossen og han sjølv tidlegare har dokumentert i skriftene sine. Kulturminnesøk – zoom inn på Jostedalen Fangstanlegg i fjellet – sida med tidlegare publikasjonar om fangstanlegg

Tamrein på Molden

På Breheimen-Luster Villrein-blogg har Einar Ese skrive eit særs interessant stykke om tamreindrifta til Ola Flåten på garden Øyno på Indre Hafslo i 1950-åra. Her ligg òg fleire flotte bilete. Flåten var gift med Kari Mosevoll, syster til Hermund M. som sette opp alle steinstolpane på Mosevollen. Flott Einar, og god lesnad!

Einar Ese med god melding av villreinboki

På Breheimen-Luster Villrein-blogg publiserte Einar Ese før jol ei grundig og god melding av Sverre Fossen si bok «Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli». Somme kritiske merknader har han også til boki. Meldingi vert varmt tilrådd – ho er skriven av ein av dei fremste lokale ekspertane på feltet attåt Sverre Fossen sjølv.

Vellukka bokslepp!

Kring 50 personar hadde møtt fram på Jostedal hotell sundag 29. november for å få med seg lanseringa av «Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli» av Sverre Fossen. Leiar Olav Stølen i Jostedal historielag leia samkoma, og Sverre Fossen fortalde levande om korleis han hadde vorte interessert i fangstanlegg så langt attende som i 1941. Den […]

Bokslepp: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli av Sverre Fossen

Les meir om boki! Søndag den 29. november kl.15.00 vert det slepp på Jostedal Hotell av boki som Sverre Fossen har ført i penn:  ”Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli” Sverre Fossen vil fortelje om arbeidet med boki og den omfattande registreringa av gamle fangstanlegg i Jostedalsfjelli. Vidare vil fjelloppsynsmann, Einar Fortun og lærar, Einar Ese […]

Lokalhistorieoppgåve om fangstanlegg

Einar Ese har gjort eit stort arbeid med å registrere fangstanlegg for villrein i jostedalsfjella. I vår oppsummerte han det han har funne så langt med vekt på bogastille og dyregraver i ei lokalhistorieoppgåve på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her drøftar Einar både dei tidlegare kartleggingane og litteraturen om fangstanlegg, kor gamle anlegga kan […]

Om gamle fangstanlegg på årsmøtet

På årsmøtet i Jostedal historielag 16. mars 2006 viste Einare Ese og Sverre Fossen lysbilete og fortalde om arbeidet dei har gjort med kartlegging og registrering av gamle fangstanlegg i fjellområda aust for hovuddalføret.